Gode rekneskapsresultat for kommunane i Rogaland

Bilde er frå Finnøy i Stavanger kommune. Stavanger kommune hadde eit netto driftsresultat i 2023 på tre prosent av brutto driftsinntekter. Foto: Nono Dimby

Foreløpige KOSTRA-tal for 2023 viser at dei aller fleste kommunane i Rogaland leverer positive og gode rekneskapsresultat. Samla hadde kommunane i Rogaland eit netto driftsresultat i 2023 i snitt på 5,4 prosent av brutto driftsinntekter. Eit driftsresultat på minimum 1,75 prosent er tilrådd. Snittet for alle kommunane i landet var 0,8 prosent. Av 356 kommunar i Norge leverer heile 157 kommunar eit negativt driftsresultat for 2023. I Rogaland har tre kommunar eit mindre underskot.

Publisert 05.04.2024

Kommunane i Rogaland har lågare gjeld

Netto lånegjeld i prosent av brutto driftsinntekter er lågare i snitt for kommunane i Rogaland (70,2 prosent), enn samla snitt for alle landets kommunar (88,4 prosent).

Det er nytta konserntal, det betyr at både tal frå kommunale føretak (KF) og interkommunale selskap (IKS) er med. Dette gjer det mogleg å samanlikna tala uavhengig av korleis kommunane er organiserte. Det manglar foreløpige rekneskapstal i KOSTRA for 2023 for Sokndal kommune.

Positive netto driftsresultat gir handlefridom

Netto driftsresultat er eit uttrykk for den handlefridomen som kommunane har. Eit positivt driftsresultat over tid gjer ein berekraftig kommuneøkonomi med middel til disposisjon til investeringar og til reservar.

Samla hadde kommunane i Rogaland eit netto driftsresultat i snitt i 2023 på 5,4 % av brutto driftsinntekter. Eit driftsresultat på minimum 1,75 prosent er tilrådd. Snittet for alle kommunane i landet var 0,8 %. Netto driftsresultat i 2023 for kommunane i Rogaland var lågare i snitt enn for 2022 og 2021, likevel var det betre enn for alle åra mellom 2015 og 2020. For landet som heile har eit netto driftsresultat i snitt på 0,8 prosent ikkje vore svakare sidan SSB si tidsserie for foreløpige KOSTRA tal starta i 2015.

Det er forskjellar mellom kommunane i Rogaland. Høgast netto driftsresultat i 2023 hadde kommunane Suldal, Sauda og Utsira, medan kommunane Haugesund, Strand og Lund hadde negative driftsresultat. Totalt hadde seks kommunar i Rogaland netto driftsresultat under TBU si generelle tilråding på minimum 1,75 prosent. Fem av kommunane hadde høgare netto driftsresultat i prosent av brutto driftsinntekter for 2023 enn for 2022.

Netto driftsresultat prosent av brutto driftsinntekter

 

2022

2023

Eigersund

1,1

2,5

Stavanger

6,4

3,0

Haugesund

2,1

-0,5

Sandnes

2,7

4,7

Sokndal

0,5

..

Lund

1,2

-1,0

Bjerkreim

9,4

5,8

6,8

6,3

Klepp

6,5

5,9

Time

4,4

1,5

Gjesdal

3,7

1,0

Sola

9,1

5,9

Randaberg

1,1

2,6

Strand

0,7

-1,5

Hjelmeland

7,1

8,4

Suldal

28,6

20,5

Sauda

1,3

17,5

Kvitsøy

12,7

6,7

Bokn

7,7

3,2

Tysvær

9,7

6,2

Karmøy

4,5

0,7

Utsira

18,1

14,8

Vindafjord

6,2

5,0

     

Gjennomsnitt

6,6

5,4

Median

6,2 4,9

Rekord for disposisjonsfond

Disposisjonsfondet i prosent av brutto driftsinntekter var i snitt for kommunane i Rogaland på 22,9 prosent ved utgangen av 2023. Det er en rekord for fylket og klart høgare enn snittet for kommunane i landet samla (13,3 prosent). Disposisjonsfond er ein oppspart reserve som kommunane kan nytte fritt til både drift og investering, med unntak av disposisjonsfond knytt til IKS'er. Dette viser at kommunane i Rogaland samla sett har ein god økonomi ved inngangen til 2024, og at dei har handlefridom og reservar i møte med krevjande tider.

Disposisjonsfond som prosent av brutto driftsinntekter

 

2022

2023

Eigersund

20,2

20,4

Stavanger

16,0

13,2

Haugesund

13,3

9,6

Sandnes

19,2

13,7

Sokndal

20,1

..

Lund

12,1

10,2

Bjerkreim

29,2

32,9

22,6

21,4

Klepp

18,7

19,8

Time

13,0

10,7

Gjesdal

14,2

13,7

Sola

15,5

12,8

Randaberg

6,9

5,7

Strand

11,3

7,8

Hjelmeland

29,0

32,8

Suldal

55,1

65,6

Sauda

19,3

31,8

Kvitsøy

43,0

40,3

Bokn

39,7

36,9

Tysvær

20,6

24,6

Karmøy

17,3

14,4

Utsira

35,2

40,8

Vindafjord

21,8

24,1

     

Gjennomsnitt

22,3

22,9

Median

19,3

20,1

Ny auke i investeringane

Investeringane i kommunane auka i fjor frå 11,5 prosent av brutto driftsinntekter i 2022 til 14,8 prosent i 2023, målt ved medianen blant kommunane i Rogaland. Etterslep etter stillstand under pandemien og høgare byggekostnadar kan vere medverkande forklaringar. Likevel fell gjelda i 2023 for kommunane i Rogaland frå 99,2 prosent til 89,1 prosent målt etter medianen. Kommunane har vedteke planar for eit høgt investeringsnivå dei neste åra. Det kan gi ei ny gjeldsauke for kommunane i Rogaland. Renteutviklinga blir difor ekstra spennande for kommunane i åra som kjem.

Kvalitetsikring av tala

KOSTRA rapporteringa til SSB for 2023 gir oss eit godt bilete av kommuneøkonomien. Tala over er foreløpige rekneskapstal (konsern) for 2023 som kommunane har rapportert inn til SSB. Kommunane gjer i desse dagar ei kvalitetssikring av eigne tal og rapporterer det dei finn av feil til SSB med frist innan 15. april 2023. Endelege og kvalitetssikra rekneskapstal kjem frå SSB i midten av juni 2024.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.