Robek
ROBEK-registeret er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse eller som ikkje har vedteke økonomiplanen, årsbudsjettet eller årsrekneskapen innanfor dei fristane som gjeld. Kommunar og fylkeskommunar i ROBEK er underlagt statleg kontroll (delegert til Statsforvaltaren) med årsbudsjettet, låneopptak og langsiktige leigeavtalar. Kommunar og fylkeskommunar i ROBEK skal fastsette ein tiltaksplan som sikrar at økonomien kjem i balanse.
Kommunale garantiar
Kommunane kan gi lånegarantiar. Vedtaket skal godkjennast av Statsforvaltaren dersom beløpet som kommunen garanterer for, er over ein bestemt sum. Tal innbyggarar i kommunen avgjer kva beløpsgrense som gjeld. Beløpsgrensene er slik:
- 800 000 kroner for kommunar som ikkje har meir enn 3000 innbyggarar
- 2 000 000 kroner for kommunar som har over 3000, men ikkje meir enn 10 000 innbyggarar
- 4 000 000 for kommuner som har over 10 000, men ikkje meir enn 30 000 innbyggarar
- 7 000 000 for kommuner som har over 30 000, men ikkje meir enn 100 000 innbyggarar
- 10 000 000 for kommuner som har over 100 000 innbyggarar
Tal innbyggarar per 1. januar året før garantivedtaket avgjer beløpsgrensa for kommunen.
Skjønnsmidlar
Kommunane kan få skjønnsmidlar, som er ein del av dei statlege overføringane til kommunesektoren. Det er Statsforvaltaren som fordeler midlane til kommunen i det enkelte fylket. Tildelinga skjer etter departementets retningslinjer.
Interkommunale selskap
Dersom ein av eigarkommunane i selskapet er underlagt reglane i kommunelovas § 28-3, skal selskapets vedtak om opptak av lån, godkjennast av Statsforvaltaren.