Statsborgarseremoniar

Er du ny norsk statsborgar? Statsforvaltaren inviterer alle nye statsborgarar som har fylt 12 år, til statsborgarseremoni. Målet med statsborgarseremonien er å ønskje nye statsborgarar velkomne og markere at nye medlemmer blir tekne opp i det norske fellesskapet. Seremonien er ein festdag, og du avgjer sjølv om du vil delta eller ikkje.


Publisert 20.11.2021

Statsborgarseremonien 2021: Her ser du bileta

Nye statsborgarar frå 18 rogalandskommunar feira statsborgarskapet sitt i Kuppelhallen i Stavanger i dag. Her finn du bilete - og talen til statsforvaltar Bent Høie. 


Publisert 15.11.2021, Sist endra 18.11.2021

Over 300 nye statsborgarar skal feirast

Dei nye statsborgarne i Rogaland skal feirast i Kuppelhallen i Stavanger laurdag 20. november. Dei kjem frå 18 rogalandskommunar. 


Publisert 27.08.2020

Statsborgarseremonien i 2020 er avlyst

På grunn av koronapandemien blei seremonien 6. juni i år først flytta til søndag 1. november. Det går dessverre heller ikkje.


Publisert 03.06.2019

139 skal feira norsk statsborgarskap

Dei nye statsborgarne i Rogaland skal feirast i Kuppelhallen i Stavanger laurdag 15. juni. Dei kjem frå 52 nasjonar og bur i 19 rogalandskommunar. 


Publisert 09.06.2018

Heile 1 000 skal feira norsk statsborgarskap

348 nye statsborgarar i Rogaland skal feirast i Kuppelhallen i Stavanger laurdag 16. juni. Den høgtidelege statsborgarseremonien har aldri vore større.


Publisert 20.04.2018

Fylkesmannen inviterer til statsborgarseremoni i juni

Laurdag 16. juni 2018 inviterer me til ny statsborgarseremoni i Kuppelhallen i Stavanger. Vinnaren av Benjaminprisen 2017 er årets hovudtalar. 


Publisert 19.05.2017

600 feirar norsk statsborgarskap i Kuppelhallen

227 nye statsborgarar, i lag med familie og venner, er klare til fest i Kuppelhallen laurdag 20. mai. Heile 46 nasjonar er representerte på den høgtidelege statsborgarseremonien.


Publisert 23.02.2017

20. mai 2017 blir det ny statsborgarseremoni

Laurdag 20. mai 2017 inviterer Fylkesmannen i Rogaland til ny statsborgarseremoni i Kuppelhallen i Stavanger. I år har blir fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal hovudtalar.


Publisert 01.06.2016

Over 500 feirar norsk statsborgarskap

191 nye statsborgarar, i lag med familie og venner, er klare til fest i Stavanger konserthus, Kuppelhallen 4. juni. Heile 53 nasjonar er representerte på den høgtidelege statsborgarseremonien førstkomande laurdag.


Publisert 10.03.2016

Ny statsborgarseremoni 4. juni

4. juni 2016 inviterer Fylkesmannen i Rogaland til ny statsborgarseremoni i Bjergsted i Stavanger. I år har me vore så heldige å få Safia Abdi Haase som hovudtalar.