Statsborgarseremonien i 2020 er avlyst

På grunn av koronapandemien blei seremonien 6. juni i år først flytta til søndag 1. november. Det går dessverre heller ikkje.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.08.2020

Med dei gjeldande smittevernreglane lar det seg ikkje gjera å avvikla eit så stort arrangement, som vanlegvis samlar mange hundre feststemte personar. 

Årleg festarrangement

Fylkesmannen i Rogaland arrangerer seremonien årleg. Me markerer at nye medlemmer er tekne opp i det norske fellesskapet. Det er frivillig å delta. 

Planlegg for seremoni i 2021

Alle nye statsborgarar i Rogaland, som skulle inviterast til årets seremoni, får i staden ei helsing i posten frå fylkesmann Lone M. Solheim.

Nå planlegg me for seremoni seinhausten 2021.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar