Ny rekord på statsborgarseremoni: – Velkomen heim
352 nye statsborgarar, full sal og rekordstemning i Kuppelhallen: Statsborgarseremonien i Rogaland vart både ei høgtideleg markering og ein varm velkomst til det norske fellesskapet.
Det var både høgtid, stoltheit og varme kjensler då Statsforvaltaren i Rogaland inviterte til statsborgarseremoni 9. mai. Alle nye norske statsborgarar det siste året var inviterte, og heile 352 personar frå ulike delar av verda deltok – det høgaste talet som nokon gong har vore med på seremonien.
Seremonien markerte eit viktig augeblikk i livet til dei nye statsborgarane – ei anledning til å feire, men også til å reflektere over kva det inneber å bli ein del av det norske fellesskapet.
– Denne seremonien er ei påminning om at det å få eit nytt statsborgarskap er ei djuptgripande handling som fortener ei markering, sa statsforvaltar Bent Høie.
Eit fellesskap bygd på tillit og mangfald
I tala sine løfta både statsforvaltaren og dei andre talarane fram verdiane det norske samfunnet byggjer på – og kva dei nye statsborgarane tek med seg inn i fellesskapet.
– Norsk statsborgarskap inneber at du sluttar deg til dei grunnleggjande verdiane det norske samfunnet byggjer på, sa Høie, og understreka samstundes at det ikkje betyr å gi slepp på eigen bakgrunn og historie.
Han peika på at mangfaldet er ein styrke:
– De kan bereike det nye heimlandet dykkar. Den framtidige kulturen og tradisjonane våre blir meir mangfaldige og utviklar seg, slik dei alltid har gjort.
Ordførar Janne Stangeland Rege trekte fram tilhøyrsle og fellesskap i si helsing:
– I dag seier Noreg til dykk: Du høyrer til her. Og de seier til Noreg: Eg vil høyre til her.
Ho la også vekt på verdien av ulikskap:
– Noreg blir ikkje betre av at alle er like. Noreg blir betre når menneske med ulike erfaringar og historier vel å vere med og byggje samfunnet saman.
Rettar – og ansvar
Med statsborgarskapet følgjer både rettar og plikter.
– Vi forventar at de tek del i samfunnet, støttar menneskerettane og følgjer norsk lov, sa Høie.
Samstundes understreka han staten sitt ansvar:
– Vi vil at de skal vere trygge i Noreg. Det er staten si fremste plikt – å verne borgarane sine.
Rege løfta fram ei av dei viktigaste rettane:
– Med statsborgarskapet får de også rett til å stemme ved stortingsval. Stemma dykkar seier: Eg er ein del av dette landet.
Ein seremoni med både høgtid og glede
Programmet baud på talar, musikkinnslag og den høgtidelege avlegginga av truskapsløftet.
Blant dei som bidrog frå scena var stortingsrepresentant Ingrid Fiskaa som hovudtalar, i tillegg til Ingrid Fatnes frå Ungdommens fylkesråd. politi og integreringsarbeid. På scena deltok òg gjester frå ulike delar av samfunnslivet – mellom anna Miriam Sbhatu frå Utval for mangfald og inkludering i Stavanger kommune, politiinspektør Mina Rød og Lejla Obradovic frå IMDi – saman med politisk leiing frå dei fleste kommunane, i tillegg til assisterande statsforvaltar Lone M. Solheim og assisterande avdelingsdirektør Monica Nessa frå Statsforvaltaren.
Men det var også rom for smil og uformelle augeblikk.
Eit av dagens høgdepunkt kom då barna i salen vart inviterte opp på scena. Saman med Bent Høie dansa dei til «Hode, skulder, kne og tå» – til stor begeistring frå både små og store.
– Velkomen heim
Avslutningsvis var bodskapen tydeleg frå talarstolen:
– De blir ein endå tydelegare del av det norske «vi», sa Janne Stangeland Rege, før ho runda av med orda:
– Velkomen. Velkomen heim.
Statsborgarseremonien i Rogaland er frivillig, men for mange ei viktig og personleg markering – både av ein ny start og av tilhøyrsle til eit nytt heimland.