Verneområde

Den største trusselen mot naturmangfaldet i Noreg er at leveområde for dyr og plantar blir øydelagde og delte opp. Naturreservat, nasjonalparkar og andre verneområde bidreg til å ta vare på naturverdiar og bevare område av internasjonal, nasjonal og regional verdi. Verneområde kan også opprettast for å ta vare på eigenart og kulturminne i landskapet.

Forvaltning av verneområda

Ansvaret for å forvalte verneområda er delt mellom sentrale og lokale styresmakter. Statsforvaltaren er forvaltningsstyresmakt i dei fleste naturreservata. Frå 2010 har kommunar med areal i nasjonalparkar og større landskapsvernområde fått tilbod om å overta forvaltningsansvaret. Det er oppretta fleire interkommunale verneområdestyre. Ein statleg tilsett verneområdeforvaltar er sekretær for styra.

Forvaltningsstyresmaktene skal først og fremst handheve vernereglane og utarbeide forvaltnings- og skjøtselsplanar. Dei har også ansvar for informasjon og merking i verneområda. Dette gjer dei i samarbeid med Statens naturoppsyn (SNO).

Du kan ferdast i verneområda

Allemannsretten gir deg høve til å ferdast fritt i verneområda. All ferdsel må skje omsynsfullt, slik at dyr og plantar ikkje blir skadde eller forstyrra. I enkelte område kan det vere ferdselsforbod delar av året, som i hekke- og yngletida. Av omsyn til dyrelivet er det forbode å jakte i fuglefredingsområde og ein del naturreservat, men i mange verneområde kan du jakte og fiske så sant du har gyldig jakt- og fiskekort. Du kan fritt plukke bær og sopp.

Det er eit mål at motorisert ferdsel i verneområda skal avgrensast, både av omsyn til dyre- og plantelivet og faren for sporskadar, og for at ein skal kunne oppleve naturen utan forstyrrande bråk. Du kan søkje om å drive motorferdsel i eit verneområde. Det er Statsforvaltaren som behandlar søknaden.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 23.05.2014

Oppstart forvaltingsplanar naturreservata Osen og Oltervågen samt Veøy landskapsvernområde i Molde kommune

Fylkesmannen vil halde informasjonsmøte i:

Kleivehallen, tysdag 10. juni kl. 17:00 (Oltervågen naturreservat)

Kleivehallen, tysdag 10. juni kl. 18:30 (Osen naturreservat)

Vågsetra skole, torsdag 12. juni kl. 17:00 (Veøy landskapsvernområde)


Publisert 05.05.2014

Høyring - Grenseendring Langvatnet naturreservat

Fylkesmannen foreslår å redusere Langvatnet naturreservat, Tingvoll kommune, med ca. 4,2 daa. Formålet med endringa er å opne for ny vegtrasé for E 39.


Publisert 08.03.2014

Start på skogvern i Sunndal og Nesset

Det er aktuelt med vern av Hisdalen i Sunndal kommune og Mardalen i Nesset kommune.  Fristen for innspel til denne meldinga er 08.04.14.


Publisert 03.03.2014

Forvaltingsplanar tre naturreservat i Sande

Fylkesmannen startar arbeidet med forvaltingsplanar for naturreservata Ristesundsanden, Sandsvågen og Storevik. Det vert halde informasjonsmøte 13. mars 2014.


Publisert 18.02.2014

Godkjente forvaltingsplanar i to naturreservat i Surnadal

Fylkesmannen har godkjent forvaltingsplanane for Surna og Søysetøran naturreservat. Naturreservata er verna våtmark og elveoslandskap i Surnadal kommune.


Publisert 14.02.2014

Skogvern i Molde og Nesset

Regjeringa har i dag vedteke vern av eit skogsområde på 611 dekar som ligg mellom Horsgard i Molde kommune og Buvika i Nesset kommune.


Publisert 31.01.2014

Våtmarksvern og landbruk hand i hand



Den 2. februar er den internasjonale våtmarksdagen, og i 2014 vert samvirket mellom landbruk og våtmarksforvalting markert. Landbruksaktivitetar som beiting, slått, rydding av skog og kratt vil gagne verneverdiane i våtmarksområda. Fylkesmannen samarbeider difor med grunneigarar og gardbrukarar om fleire skjøtselstiltak.


Publisert 04.12.2013

Forvaltingsplanar naturreservat i Surnadal

Fylkesmannen har laga framlegg til forvaltingsplanar for Surna og Søysetøran naturreservat. Naturreservata er verna våtmark og elveoslandskap i Surnadal kommune. Planane ligg på høyring fram til 31.01.2014.


Publisert 11.11.2013

Grenseendring Tjørvågosen naturreservat

Fylkesmannen har utarbeidd framlegg til grense- og forskriftsendring for Tjørvågosen naturreservat i Herøy. Arbeidet er godkjent av Miljødirektoratet i brev av 04.09.2013.


Publisert 08.11.2013

Forvaltingsplanar naturreservat i Herøy

Fylkesmannen har laga framlegg til forvaltingsplanar for Myklebustvatnet naturreservat og Tjørvågosen naturreservat. Naturreservata er verna våtmark og elveoslandskap i Herøy kommune. Planane ligg på høyring fram til 20.12.2013.