Alle sektorar har eit ansvar for å ta omsyn til miljøet i si eiga verksemd. Statsforvaltaren skal medverke til at miljø- og arealpolitikken til regjeringa blir gjennomført på regionalt og lokalt nivå. Kommunane har ei sentral rolle i miljøvernarbeidet. Rettleiing og oppfølging av kommunane er derfor ei viktig oppgåve for oss.
Miljø og klima
Miljøvern er eit omfattande fagfelt som dekkjer alt frå arealforvaltning og førebygging av forureining til kartlegging av naturmangfald, klimatiltak og forvaltning av fisk og vilt.
Nyheiter - miljø og klima
20.05.2022Verdsdagen for bier
I dag, 20. mai, er det verdsdag for bier. I Noreg er det påvist 208 arter, og det gjeld både humler, villbier og honningbia. Denne dagen er med på å rette fokus og betydning på desse viktige artane, som spelar ei sentral rolle for det biologiske mangfaldet og økosystema på jorda.
19.05.2022
Kurs i klimagassar frå landbruket - unikt tilbod til kommunane i Møre og Romsdal
Statsforvaltaren har i samarbeid med Norges miljø- og biovitenskaplige universitet (NMBU) arrangert kurs med tema klimagassar frå landbruket
12.05.2022
Devoldholmen Utvikling AS søkjer om løyve til tiltak i Kristiansund
Det søkjast om å etablere pålar på sjøbotnen og sleppe ut vatn frå byggegrop ved Nordmørskaia, gnr. 7 bnr. 11, i tilknyting til prosjektet "Campus Kristiansund".
11.05.2022
Høyring av verneplan for skog
Statsforvaltaren høyrer med dette vern av tre nye naturreservat i samsvar med reglane i naturmangfaldlova § 43. Områda har mykje rik edellauvskog og gamal lauvskog, og er med på å oppfylle manglane i norske verneområde.
09.05.2022
Endra fisketider for åtte elver i Møre og Romsdal
Miljødirektoratet har vedtatt endra fisketid for Batnfjordselva, Driva, Usma, Litledalselva, Søya og Tressa frå og med sesongen 2022. Nordre Vartdalselva i Ørsta kommune er stengt for fiske, medan Vasselva i Hustadvika kommune er blitt opna for fiske.
09.05.2022
Høyring av søknad om utsleppsløyve for biogassanlegg i Volda kommune - Vest Biogass AS
Vest Biogass AS søkjer om utsleppsløyve til biogassanlegg som skal ta imot opp til 55 000 tonn biomasse årleg
04.05.2022
Opne møte om kjemisk behandling av Usma og Batnfjordselva
Tirsdag 10. mai kl. 18.00 blir det møte om behandling av Usma på Øksendal samfunnshus. Onsdag 11. mai kl. 18.00 er det møte i auditoriet på Batnfjord skule om behandling av Batnfjordselva, Skeidsdalselva og Torvikelva.
04.05.2022
Høyring besøksstrategi Runde
Statsforvaltaren høyrer med dette framlegg til besøksstrategi for verneområda på og ved Runde i Herøy.
26.04.2022, Endra 26.04.2022
Sjekk kor fuglane skal få hekke i fred
På Miljødirektoratet sine digitale kart kan du enkelt sjå kor du ikkje kan opphalde deg medan fuglane hekkar.
25.04.2022
Søknad om løyve til biogassanlegg i Hustadvika - Inge Hoemsnes
Inge Hoemsnes søkjer om løyve etter forureiningslova til å drive biogassanlegg på gnr/bnr 28/1 i Hustadvika kommune.
Fleire nyhende Få nyheitsvarsel