Forureining

Statsforvaltaren er forureiningsstyresmakt for ei lang rekkje verksemder og tiltak, og kan gi løyve til aktivitetar som kan medføre forureining. Ansvarsområda våre omfattar mellom anna helse- og miljøfarlege kjemikaliar, avfall og gjenvinning, luftforureining og støy, i tillegg til forureining av vatn og grunn.

Dette er nokre av Statsforvaltarens oppgåver etter forureiningslova: 

  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med landbaserte industribedrifter. Mange bedrifter treng ikkje eige løyve frå Statsforvaltaren, men skal følgje gjeldande forskrifter. Dette gjeld blant anna for pukk- og asfaltverk, fyringsanlegg og skipsverft.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avfallsbehandlingsanlegg som avfallsdeponi, mottaks- og sorteringsanlegg, bilvrakplassar og behandling av avløpsslam.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avløpsanlegg i store tettstader.
  • behandle søknader om mudring, dumping og utfylling i sjø og vassdrag.
  • føre tilsyn med at verksemder oppfyller leveringsplikta for farleg avfall og andre generelle plikter i forureinings- og avfallsforskriftene blir oppfylt
  • følgje opp område med ureina grunn og nedlagde kommunale deponi.
  • rettleie og føre tilsyn med kommunane på område der kommunen er ureiningsmyndigheit.

Vis meir


18.06.2021

Inhabil i behandling av Ductor

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal er inhabil i behandling av søknaden frå Ductor om etablering av biogassanlegg i Sunndal. Saken går til ein annan statsforvaltar eller til Miljødirektoratet.


10.05.2021

Skipsverft må utrede tiltak mot forurenset sjøbunn

Miljødirektoratet har avgjort klagene på Statsforvaltaren i Møre og Romsdal sine vedtak om tiltaksplan for forureina sjøbotn. Miljødirektoratet opprettheld 12 av dei 13 vedtaka.


03.05.2021

Tar grep for å minske luktforureining

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har gitt Veidekke sitt asfaltverk på Husøya i Kristiansund ein frist for å stoppe utsleppet av asfaltlukt til luft.


26.10.2020

No er grundig reinhald av vegar ekstra viktig

Luftforureining har mange skadelege effektar på helsa vår. Om ein reduserer mengda støv i lufta, vil det bidra til mindre luftvegsinfeksjonar.


05.12.2019

Nettkurs i Grunnforurensningsdatabasen for kommunane

Fylkesmannen i Nordland har nyleg arrangert eit webinar/nettkurs for kommunane i bruk av databasen Grunnforurensning. Vi oppmodar alle kommunane i Møre og Romsdal til å få med seg kurset! Kurset vil vere tilgjengeleg på nettet fram til 19. desember 2019.


29.05.2019

Endring i løyve til farleg avfall for Vakumentreprenøren AS i Kristiansund

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har 23.05.19 gjort endringar i vilkår i løyve til Vakumentreprenøren AS i Sødalen i Kristiansund kommune.


10.04.2019

Presentasjonar frå fagdagen om forureining for kommunane hausten 2018

Hausten 2018 arrangerte Fylkesmannen ein fagdag i samband med Avfallsforum sin haustkonferanse på Scandic Parken hotell i Ålesund. Her kan du laste ned presentasjonane frå samlinga.


04.02.2019

Forbod mot fyring med mineralolje til oppvarming av bygningar

Frå 2020 vil det vere forbod omt å bruke mineralolje til oppvarming av bygningar. Nokre unntak blir det framleis, men for dei aller fleste vil tida no vere inne til å gå over til anna oppvarming. Det finst framleis støtteordningar å søkje på!


05.12.2018

Næringsmiddelaksjonen 2018

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har i haust delteke i ein landsomfattande aksjon retta mot næringsmiddelindustri.


17.10.2018

Fylkesmannen fører tilsyn hos landbaserte oppdrettsanlegg

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har i 2018 kontrollert 12 landbaserte oppdrettsanlegg (av totalt 30 i fylket). Hensikta med kontrollane er å sjå til at krav i forureiningslova med tilhøyrande forskrifter og løyve vert etterlevd.