Statsforvaltaren har meldt Statkraft for forureining

Viser slam som ligg i elva
Slam i Solemshølen i Surna, 27. september 2022. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har meldt Statkraft Energi AS for brot på forureiningslova etter det store slamutsleppet i Surna.

Publisert 12.03.2024

Det var under eit rehabiliteringsprosjekt på demningar hausten 2022, at forureininga skjedde. Statkraft tappa av magasinet i Foldsjøen i Surnadal. Då slapp ei stor mengde slam frå botnen av dammen ut i vassdraget Folda/Surna.

Statsforvaltaren melde saka til politiet 27. november i fjor.

Svært mykje slam har forureina

– Statkraft har handla uaktsamt, og sette i verk noko som førte til eit svært stort slamutslepp, og med det forureining av elva, seier statsforvaltar Else-May Botten.

Slammet er sediment frå botnen av Foldsjøen. Det består av delvis nedbrote organisk materiale. Dette stammar frå vegetasjon som vart sett under vatn då dammen vart etablert, og frå lauv og anna organisk materiale som er tilført magasinet i ettertid.

Det er dokumentert at slammet på nokre plassar i Surna var opptil 50-60 cm tykt.    

Verkar inn på natur og miljø

I meldebrevet til politiet viser Statsforvaltaren til korleis forureininga av slam kan verke inn på naturen og miljøet i Surna.

– Det er ein liten bestand av elvemusling i Surna nedanfor slamutsleppet. Her er det registrert ein nedgang i bestanden på nær 25 prosent. Samstundes er det ikkje mogleg per dags dato å vurdere det totale omfanget av miljøkonsekvensar som hendinga vil få. Men forureininga har konsekvensar for både fisk, fugl og botnfauna. Laks og elvemusling er rekna som truga artar, seier Botten.

Ho legg til at Surna har status som nasjonalt laksevassdrag.

Blei advart om slamrisikoen

– Vi ser svært alvorleg på hendinga og ber om at tilhøvet vert etterforska med sikte på straff. Vi ser òg alvorleg på at verksemda ikkje har utført ei tilstrekkeleg risikovurdering som omfatta alle relevante tilhøve som kunne få miljømessig betydning, seier statsforvaltaren.

Botten seier at Statkraft, i høyringsinnspel til sine søknadar for tiltaket, blei åtvara om risikoen for å spreie slam til elva.

Dokument

Statsforvaltar Else-May Botten. Foto: Erik Birkeland /Tingh