Verneområde

Den største trusselen mot naturmangfaldet i Noreg er at leveområde for dyr og plantar blir øydelagde og delte opp. Naturreservat, nasjonalparkar og andre verneområde bidreg til å ta vare på naturverdiar og bevare område av internasjonal, nasjonal og regional verdi. Verneområde kan også opprettast for å ta vare på eigenart og kulturminne i landskapet.

Forvaltning av verneområda

Ansvaret for å forvalte verneområda er delt mellom sentrale og lokale styresmakter. Statsforvaltaren er forvaltningsstyresmakt i dei fleste naturreservata. Frå 2010 har kommunar med areal i nasjonalparkar og større landskapsvernområde fått tilbod om å overta forvaltningsansvaret. Det er oppretta fleire interkommunale verneområdestyre. Ein statleg tilsett verneområdeforvaltar er sekretær for styra.

Forvaltningsstyresmaktene skal først og fremst handheve vernereglane og utarbeide forvaltnings- og skjøtselsplanar. Dei har også ansvar for informasjon og merking i verneområda. Dette gjer dei i samarbeid med Statens naturoppsyn (SNO).

Du kan ferdast i verneområda

Allemannsretten gir deg høve til å ferdast fritt i verneområda. All ferdsel må skje omsynsfullt, slik at dyr og plantar ikkje blir skadde eller forstyrra. I enkelte område kan det vere ferdselsforbod delar av året, som i hekke- og yngletida. Av omsyn til dyrelivet er det forbode å jakte i fuglefredingsområde og ein del naturreservat, men i mange verneområde kan du jakte og fiske så sant du har gyldig jakt- og fiskekort. Du kan fritt plukke bær og sopp.

Det er eit mål at motorisert ferdsel i verneområda skal avgrensast, både av omsyn til dyre- og plantelivet og faren for sporskadar, og for at ein skal kunne oppleve naturen utan forstyrrande bråk. Du kan søkje om å drive motorferdsel i eit verneområde. Det er Statsforvaltaren som behandlar søknaden.

Vis meir


Publisert 17.12.2021

Fem skogområde blir verna ved frivillig vern

Fem område i Møre og Romsdal vert naturreservat. Slik ønsker regjeringa å sikre at naturverdiar i artsrik edellauvskog og kalkfuruskog blir tatt vare på for kommande generasjonar.


Publisert 30.08.2021

Uroa for enorme utslepp i Storfjorden

Det store landbaserte oppdrettsanlegget for laks som er planlagt i Raudbergvika i Storfjorden vil sannsynlegvis gje det største enkeltståande avløpsutsleppet i Noreg. Statsforvaltaren er uroa.


Publisert 07.06.2021

Presentasjonar frå webinar om frivilleg skogvern

Fredag 4. juni hadde Statsforvaltaren webinar (Teams) med kommunane i Møre og Romsdal om frivilleg skogvern. Presentasjonane frå webinaret er tilgjengelege i denne artikkelen.


Publisert 06.04.2021 av Lena Skattum Sandvik

Fleire ønsker å verne skogen

Fleire skogeigarar i fylket vel å verne skogen sin. Slik bidreg dei til å ta vare på skogen sitt store og verdfulle naturmangfald. 


Publisert 08.01.2021

15 millionar til forsking i verdsarvområde

Kompetanse- og samarbeidsprosjektet «Twin Fjord» skal utvikle teknologi som gjer det lettare å fatte vedtak for berekraftig arealplanlegging og forvaltning i verdsarvområde.


Publisert 04.12.2020

Meir skog vert verna i fylket

Regjeringa har oppretta nye skogreservat i Fjøseid og Vasselen i Tingvoll. Det skjer etter at grunneigarane ga tilbod om frivillig vern.


Publisert 01.07.2020

Grenseendring Todalsøran naturreservat

Todalsøran i Surnadal vart verna i 2002 for å ta vare på eit viktig elveoslandskap. Miljødirektoratet har endra verneforskrifta med heimel i naturmangfaldlova § 77. Endringane gjeld eigedomsoversikta i forskrifta og grensene for reservatet.


Publisert 20.08.2019

Karbonfangst med myrrestaurering

Tetting av grøfter i Aspåsmyran naturreservat skal hindre klimagassutslepp og sikre leveområde for artar knytt til myr.


Publisert 01.02.2019

Verdfulle naturområde i Møre og Romsdal

Fylkesmannen har på oppdrag frå Miljødirektoratet og Klima- og miljødepartementet gått igjennom verdfull natur i fylket og funne 50 særs viktige område.


Publisert 11.12.2018

Nytt skogvern på Nordmøre

I statsråd 07.12.2018 ble Mulvikknuken naturreservat opprettet. Reservatet erstatter Durmålhaugen NR og arealet er mer enn tredoblet.