Storstilt skogrydding i verneområda

Dronebilde av Malesanden før hogst. Mange trær ved stranda.
Slik såg Malesanden ut før hogst. No er trea borte. Foto: Øivind Leren.

Statsforvaltaren har hogd framande og uønskte treslag i over 20 verneområde i år. Det er særleg sitkagran, bergfuru og gran som blir teke ut, og føremålet er å få tilbake områda i den tilstanden naturen var før.

Publisert 12.12.2023

Verneområda våre er i sterk endring. Dei gror til med uønskt vegetasjon. Dette kan vere både stadeigne vekstar og introduserte artar. Det er særleg framande bartre og platanlønn som påverkar områda. Dei skuggar ut den ønska vegetasjonen, spreier seg i den og konkurrerer ut dei plantene som var der tidlegare.

Tiltak for skjøtsel

Det er laga forvaltingsplanar for 75 av dei små verneområda, og for mange er uttak av framande artar foreslått som eit viktig skjøtselstiltak.

Statsforvaltaren er godt i gang med desse tiltaka. Det er ofte krevjande å hogge trea, både fordi områda er vanskeleg tilgjengelege, og vi må ta sterke omsyn til landskap og vegetasjonen elles.

Restaurerer natur

For nokre av naturreservata er føremålet å restaurere naturen attende til den opphavlege. I andre reservat er det viktigast å unngå vidare spreiing av uønskte treslag. Metodane vil variere med terreng og føremål. Større bestand av sitkagran, gran og bergfuru blir hogga og frakta ut, medan småklynger og enkelttre vert felte og kappa slik at dei kan rotne og gå tilbake til naturen. Det vert brukt hogstmaskinar og lastberarar på store felt. Små eller utilgjengelege felt vert hogd manuelt med motorsag. I nokre tilfelle har helikopter frakta vyrket ut.

Hogstane er gjort mellom anna i edellauvskogar og i våtmarksområde. Det største prosjektet i år var å hogge ned lebeltet i fuglefredingsområdet på Malesanden, Harøya i Ålesund kommune. Dette er eit våtmarksområde med internasjonal vernestatus etter RAMSAR-konvensjonen, og hogsten skal stoppe den pågåande spreiinga av sitkagran og bergfuru ned mot strandsona.  

 

Lavoppl Malesanden 0126.jpg

Malesanden før hogst. Foto: Øivind Leren.

 

LavopplMalesanden, Harøya 0651.jpg

Malesanden etter hogst. Foto: Øivind Leren.

 

Kontaktpersonar