Skogvern i Molde og Nesset

Regjeringa har i dag vedteke vern av eit skogsområde på 611 dekar som ligg mellom Horsgard i Molde kommune og Buvika i Nesset kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.02.2014

Vernet gjeld eit område der grunneigarane har kome med tilbod om frivillig vern og dei vil etter vernevedtaket få utbetalt erstatning. 

Formålet med vernet er å sikre eit biologisk verdfullt skogsområde som ein del av naturarven. Vernet inneber den strengaste verneforma etter naturmangfaldlova, og har som konsekvens eit forbod mot alle tiltak som kan endre naturmiljøet.

Brenslefjellet er eit relativt stort område med frisk til lågurtprega edellauvskog av almlindeskogstypen. Typiske kravfulle karplantar er ramslauk, skogsvingel, lundgrønnaks, svarterteknapp, vårerteknapp og dels også skogfaks og kjempesvingel som opptrer ganske hyppig og for nokre artar lokalt i store mengder. Det er svakare innslag av dei meir sjeldne artane, men slakkstarr og fuglereir finn ein nokre stadar.

Området har klare kvalitetar knytt til gammal lauvskog og der særleg innslaget av grov og gammal soleksponert osp er interessant. Området har gode spettebestandar og saman med eit gunstig lokalklima kan ein rekne med eit potensiale for ein del varmekjære artar, inkludert virvellause dyr. Eitt spesielt trekk ved området er innslaget av ask og av varmekjær kjeldelauvskog. Ask og askeskog er sjeldan i eksisterande verneområde i Møre og Romsdal. Området har relativt store areal med lågurtprega edellauvskog. Det har også viktige kvalitetar knytt til gamal lauvskog som mellom anna osp og med innslag av ask og varmekjær kjeldelauvskog.