Alle sektorar har eit ansvar for å ta omsyn til miljøet i si eiga verksemd. Statsforvaltaren skal medverke til at miljø- og arealpolitikken til regjeringa blir gjennomført på regionalt og lokalt nivå. Kommunane har ei sentral rolle i miljøvernarbeidet. Rettleiing og oppfølging av kommunane er derfor ei viktig oppgåve for oss.
Miljø og klima
Miljøvern er eit omfattande fagfelt som dekkjer alt frå arealforvaltning og førebygging av forureining til kartlegging av naturmangfald, klimatiltak og forvaltning av fisk og vilt.
Nyheiter - miljø og klima
25.06.2025Har din kommune ein plan for naturmangfaldet?
I eit nytt kart frå Miljødirektoratet kan du sjå kva for nokre kommunar som har eller arbeider med ein kommunedelplan for naturmangfald.
24.06.2025
Nytt skogvern sikrar verdifull skog
Regjeringa verna i dag 24.06.2025 Gammelseterlia i Aure og Linderemen i Ørsta som naturreservat. Vernet er viktig for å ivareta artar og naturtypar for framtidige generasjonar.
16.06.2025
Statsforvaltaren tilrår nytt skogvern
Statsforvaltaren har i brev til Miljødirektoratet tilrådd utvida vern av tre skogområde i Aure og Fjord kommunar. Føremålet er å ta vare på verdfull edellauvskog og kystfuruskog, med dei artane vi finn der.
16.06.2025
Søknad om utfylling i sjø ved Gossen Feriesenter
Gossen Feriesenter AS søkjer om løyve etter forureiningslova til utfylling med om lag 3 000 m3 massar ved gnr. 2 bnr. 81 i Aukra kommune for å vidareutvikle området.
12.06.2025
Kipervika i Ålesund - endra løyve til utfylling i sjø
Statsforvaltaren har etter klage frå Norges Fiskarlag og to hendingar med partikkelspreiing i sjøen gjort endringar på løyvet etter forureiningslova for Kipervika Eiendom AS til utfylling i sjø i Kipervika i Ålesund.
11.06.2025
Salfjord AS - søknad om tiltak i sjø ved Tjeldbergodden i Aure kommune
Salfjord AS søkjer om løyve etter forureiningslova til utfylling og mudring i tilknyting til etablering av nytt landbasert oppdrettsanlegg for fisk ved gnr. 51 bnr. 30 og 44.
06.06.2025
Oppstart av verneprosess for austsida av Sandøya
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal startar i sommar opp verneprosessen for austsida av Sandøya i Ålesund kommune.
28.05.2025
Selviktjønna har fått nytt liv
Selviktjønna på Harøya i Ålesund kommune har fått tilbake vatnet. Tidlegare var tjønna eit viktig våtmarksområde med rikt fugleliv, men etter grøfting på 1970-talet forsvann vatnet, og området grodde igjen. Dermed gjekk eit verdifullt våtmarksområde tapt.
20.05.2025
Søknad om utfylling i sjø ved Steinvågneset i Ålesund
Sunnmøre Fiskeindustri AS søkjer om løyve etter forureiningslova til utfylling ved gnr. 122 bnr. 5 (Brogata 14 ved Steinvågneset).
16.05.2025
Søknad om løyve til mottak av brukt asfalt - Mekvik Maskin AS
Mekvik Maskin AS søkjer om løyve etter forureiningslova til å ta imot og mellomlagre brukt asfalt på Husøya, gnr. 138 bnr. 55, i Kristiansund kommune.
Fleire nyhende Få nyheitsvarsel