Vi fotograferer verneområda
I år vil vi bruke drone til å fotografere 44 eksisterande og planlagte verneområde i fylket. Gode bilde er eit viktig verktøy i saksbehandlinga vår.
Bileta brukar vi i saksbehandlinga for å sjå kor det trengst skjøtsel som hogst, beiting og restaurering. Vi brukar dei også i høyringar, på infotavler og i ulike foredrag og presentasjonar.
Føremålet med fotograferinga
Dronebilde har høg kvalitet, og vi kan sjå både enkeltartar og generell tilstand i større område. Vi kan sjå om det er gjort inngrep som vi ikkje kjenner til, for eksempel nye bygg, avfallsdumping, masseflyttingar eller køyring i terrenget.
Det er lett å sjå uønska treslag som sitkagran, gran og ulike furuartar. Vi kan rekne ut kor mykje skog som står der, og planlegge hogstoppdrag.
Vi kan også sjå korleis beitetiltak har verka, eller om det er behov for nye tiltak mot gjengroing.
Det er særleg nyttig å ha gode bilde av område som er tilbydd for frivillig vern. Dei informerer oss om naturkvalitetane som eit tillegg til det som går fram av tilbodsdokumenta og kartleggingsrapportar. Vi kan også vurdere om det trengst restaureringshogstar.
Synspunkt på arbeidet
Om du har merknader og spørsmål om arbeidet kan du sende dei på e-post til sfmrpost@statsforvalteren.no.
Fotografar
Det er Per Eide Studio og Kvass Foto som vil stå for fotograferinga i år. Dei vil i all hovudsak bruke droner, men også ta foto frå bakken.