Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
English Norsk (bokmål) Davvisámegiella Åarjelsaemiengiele
  • Statsforvaltaren i
    Statsforvaltaren.no
    Agder
    Innlandet
    Møre og Romsdal
    Nordland
    Rogaland
    Troms og Finnmark
    Trøndelag
    Vestfold og Telemark
    Vestland
    Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus
  • Om oss
    Om oss
    Kontakt oss
    Kven er Statsforvaltar?
    Tilsette
    Organisasjonen
    Presse
    Historie
    Skjema
    Publikasjonar
    Postjournal
    Podkast - For folk og natur
    Vil du jobbe hos oss?
  • Kontakt oss
  • Tema A-Å
  • Skjema
  • Presse
  1. Møre og Romsdal
  2. Landbruk og mat
  3. Nyheiter - landbruk og mat

Nyheiter - landbruk og mat

Framleis ledig tilskott til drenering

Fylkesmannen har framleis over 400 000 kroner i tilskotsmidlar til drenering som ikkje er fordelte på kommunane. Dei kommunane som er første ute og melder frå om auka behov vil få ekstra tildeling. Bønder som har areal som treng drenering bør søkje om tilskott no.

 

07.09.2015

Kulturlandskapsprisen 2015 til Iris og Arnfinn Westerås, Geiranger

I dei bratte liene ovafor sentrum av Geiranger vert det lagt ned eit pietetsfullt og nitidig arbeid med stell av kulturlandskapet. Kunnskap om kulturlandskapet vert også formidla vidt ut over. For alt dette får Iris og Arnfinn Westerås kulturlandskapsprisen for 2015.

04.09.2015

Samling skal inspirere bygdemobiliserarar

Sekken tiltaksnemnd og fylkesmannen inviterer til inspirasjonssamling for alle som er opptekne av lokalsamfunnsutvikling og bygdemobilisering. Tid og stad er 25. september på Sekken ungdomshus utanfor Molde.

02.09.2015

- Matglede er god eldreomsorg

Ei engasjert Sylvi Listhaug opna inspirasjonsdagen som vart arrangert i samband med konkurransen "Gylne måltidsøyeblikk".

28.08.2015

Bioforsk på Tingvoll forskar vidare på alveld

Bioforsk på Tingvoll har dette året fått løyving til to prosjekt for å finne årsaken til alveld og å arbeide vidare med forebyggande tiltak mot sjukdommen.

30.06.2015

Vil skape større matglede for eldre

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug inviterer alle landets sjukeheimar og institusjonar til ein konkurranse rundt matglede for eldre. Konkurransen skal auke medvitet om maten og kva måltida har å seie for eldre. Statsråden skriv no brev til alle ordførarar der ho bed dei engasjere seg for å betre institusjonsmaten.

16.06.2015

Jordvern - kan det vere så viktig?

Landbruksmuseet for Møre og Romsdal arrangerer jordvernkonferanse ved Gjermundnes vidaregåande skule laurdag 13. juni. Konferansen er eit samarbeid mellom museet, fylkesmannen og Møre og Romsdal bondelag. Forfattar Edvard Hoem er blant innleiarane.

15.05.2015

Kulturlandskapsprisen 2015 for Møre og Romsdal

Fylkesmannen vil også i år dele ut kulturlandskapsprisen. Prisen, som er på 10.000 kr og eit kunstverk,  skal gå til ein eller fleire gardbrukarar som utmerkjer seg med miljøvennleg drift. Lag, organisasjonar, kommunar og einskildpersonar vert oppmoda om å kome med forslag til kandidatar innan 1. august.

24.04.2015

Tilskott til klima- og miljøtiltak

Møre og Romsdal har fått 250 000 kroner til klima- og miljøtiltak i landbruket. Fylkesmannen ønskjer å prioritere organisasjonar som vil arbeide med for eksempel handtering av husdyrgjødsel, reduksjon av klimagassutslepp og hydrotekniske tiltak.

23.04.2015

Tilskott til bygdemobilisering og utviklingstiltak

Fylkesmannen kan gje tilskott til prosjektarbeid som skal hjelpe fram landbruksnæringa og ny landbruksbasert verdiskaping. Dei som kan søkje, er organisasjonar, kommunar og institusjonar. Ein del av desse midla kan brukast til å støtte bygdemobiliseringsarbeid, som er lokalt utviklingsarbeid for å arbeide med næringsutvikling, tilflytting og trivsel.

27.03.2015

  • Forrige
  • 43
  • 44
  • 45
  • 46
  • 47
  • 48
  • 49
  • 50
  • 51
  • Neste

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Fann du ikkje det du leitte etter? Gje oss tilbakemelding.

Julsundvegen 9, Postboks 2520, 6404 Molde.

Telefon: 71 25 84 00
sfmrpost@statsforvalteren.no
Organisasjonsnummer: 974764067

Ansvarleg redaktør: Else-May Botten
Nettredaktør: Lena Skattum Sandvik

Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring (uustatus.no)

Sikker melding til statsforvaltaren 
Skjema som krev innlogging m/MinID, BankID osv. som kan nyttast til sikker sending av melding, eller ettersending av dokumentasjon.

Sikker melding til vergemål
Bruk dette skjemaet dersom du vil sende ei melding til vergemålsavdelinga hos Statsforvaltaren.