God kommuneplan for jordvernet i Averøy

Averøy kommune har hatt sin kommuneplan med arealdel ute på offentleg høyring. Fylkesmannen har verken motsegn eller faglege råd på vegne av landbruksinteressene, og vil gi ros til kommunen for å ha teke nasjonale føringar om eit sterkare jordvern på alvor.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.06.2016

Jordvern er sterkt i fokus frå nasjonale mynde, og regjeringa laga ein nasjonal jordvernstrategi, som Stortinget behandla den 8. desember 2015. I vedtaket fastsette Stortinget eit mål om at den årlege omdisponeringa av dyrka jord må vere under 4000 dekar, og bad om at målet skal nåast gradvis innan 2020, jf. Innst. 56 S (2015-2016). Kommunane har ei viktig rolle i å følgje opp dette målet i si planlegging, gjennom å lage gode kommunale planar, og behandle saker etter plan- og bygningslova og jordlova.

Fylkesmannen er nøgd med at Averøy kommune har teke nasjonale retningsliner og oppgåva som den viktigaste jordvernmynde på alvor. Dette synest ved at dei fleste innspel ikkje er tekne inn eller justerte i kommuneplana, grunna konflikt med jordvernet, og at område med jordbruksareal er angitt som omsynssone landbruk (H510). Vidare er det positivt at fleire område med arealformål LNF med tillat spreidd busetnad er endra til vanlig LNFR, og delvis erstatta med mindre område avsett til bustad. Tilsvarande har nokre område fått endra arealformål frå LNF med tillat spreidd fritidsbustadbygging til vanleg LNFR. Fylkesmannen er også positiv til kommunen sin halding om å nytte allereie regulerte bustadfelt og fortette eksisterande bustadområde, før det blir teke i bruk heilt nye område.