Stort potensiale for tre som bygningsmateriell

Tre har lange tradisjonar som byggemateriale og har dei seinare åra også blitt meir aktuelt til konstruksjonar i større og meir komplekse bygg.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.05.2016

Under eit miniseminar i Kristiansund 12. mai ble det orientert om erfaringar med bruk av tre som bygningsmateriell. Aktuelle tema var bruk av massivtre, takstolar og element i store og mindre bygg.

Erfaringane viser at tre er konkurransedyktig på pris, har kort byggetid, godt inneklima og er eit klimavenleg byggemateriell. 

Arrangementet blei gjennomført i samarbeid med Møre og Romsdal Arkitektforening og prosjektet Tredrivaren i Møre og Romsdal.