Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
English Norsk (bokmål) Davvisámegiella Åarjelsaemiengiele
  • Statsforvaltaren i
    Statsforvaltaren.no
    Agder
    Innlandet
    Møre og Romsdal
    Nordland
    Rogaland
    Troms og Finnmark
    Trøndelag
    Vestfold og Telemark
    Vestland
    Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus
  • Om oss
    Om oss
    Kontakt oss
    Kven er Statsforvaltar?
    Tilsette
    Organisasjonen
    Presse
    Historie
    Skjema
    Publikasjonar
    Postjournal
    Podkast - For folk og natur
    Vil du jobbe hos oss?
  • Kontakt oss
  • Tema A-Å
  • Skjema
  • Presse
  1. Møre og Romsdal
  2. Landbruk og mat
  3. Nyheiter - landbruk og mat

Nyheiter - landbruk og mat

Nasjonal jordvernstrategi vedteken av Stortinget

Stortinget vedtok 8. desember 2015 samrøystes eit strengare vern av matjord, og skjerpar
målet for årleg omdisponering av dyrka mark frå maksimalt 6000 daa til 4000 daa.
Målsettinga skal skje gradvis, og omdisponeringsmålet skal vere nådd innan 2020.

18.02.2016

2014; eit svakt år for jordvernet i Møre og Romsdal

KOSTRA-tal for 2014 viser at det vart omdisponert 783 dekar dyrka og dyrkbar jord, til anna enn landbruk. Dette er fordelt på 463 dekar dyrka og 320 dekar dyrkbar jord, ei auke frå 2013 som var på totalt 688 dekar og 334 dekar dyrka og 354 dekar dyrkbar jord.

17.02.2016

Forvaltningskontrollar i 2015

Fylkesmannen gjennomførte i 2015 kontroll med landbruksforvaltninga i sju kommunar og to interkommunale landbrukskontor. Det vart til saman påvist sju avvik frå regelverk og sakshandsamingsrutinar i kommunane.

17.02.2016

Frå Øvre Sunndal i Sunndal kommune

Produksjonstilskot utbetalt

Fredag 5. februar vart produksjonstilskot utbetalt til føretak som søkte per 20. august 2015.

10.02.2016

Rekruttering tema for ministerbesøk

Fredag 29.01.2016 besøkte landbruks- og matminister Jon Georg Dale Møre og Romsdal. Ministeren er oppteken av rekruttering til landbruket, og møtte fleire unge bønder og landbruksskuleelevar.

01.02.2016

Festdag på Herøy omsorgssenter

Den 24.november inviterte Fylkesmannen til fest hos fylkesvinnar Herøy helse- og omsorgssenter, for å overrekke diplom og premie frå Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug.

07.12.2015

Stor interesse for å kjøpe statleg mjølkekvote

258 mjølkeprodusentar i Møre og Romsdal får tilbod om å kjøpe 543 000 liter i mjølkekvote frå staten. Behovet dei meldte inn, var over 11 millionar liter. Interessa for å kjøpe mjølkekvote er stor over heile landet.  

12.11.2015

Herøy helse- og omsorgssenter til topps

Ein samrøystes fylkesjury har kåra Herøy helse- og omsorgssenter til vinnar av konkurransen «Gylne måltidsøyeblikk» i Møre og Romsdal.

02.11.2015

Prosjekt medverka til stabil svineproduksjon

Nortura har nyleg avslutta eit treårig prosjekt der målet var å auke smågrisproduksjonen i Møre og Romsdal. Målet med prosjektet var å rekruttere mellom fem og ti nye smågrisprodusentar i fylket og i tillegg rekruttere slaktegrisprodusentar. Dermed kunne den produserte smågrisen også fôrast fram i fylket.

29.10.2015

Bærbedrift fekk årets bygdeutviklingspris

Skåla Bær AS i Molde er tildelt Bygdeutviklingsprisen 2015 i Møre og Romsdal. Prisen er på 50 000 kroner. I tillegg går Skåla Bær vidare i konkurransen om den nasjonale bygdeutviklingsprisen. Prisen vart delt ut under Dyregoddagane i Batnfjorden i starten av september 2015.

01.10.2015

  • Forrige
  • 42
  • 43
  • 44
  • 45
  • 46
  • 47
  • 48
  • 49
  • 50
  • Neste

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Fann du ikkje det du leitte etter? Gje oss tilbakemelding.

Julsundvegen 9, Postboks 2520, 6404 Molde.

Telefon: 71 25 84 00
sfmrpost@statsforvalteren.no
Organisasjonsnummer: 974764067

Ansvarleg redaktør: Else-May Botten
Nettredaktør: Lena Skattum Sandvik

Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring (uustatus.no)

Sikker melding til statsforvaltaren 
Skjema som krev innlogging m/MinID, BankID osv. som kan nyttast til sikker sending av melding, eller ettersending av dokumentasjon.

Sikker melding til vergemål
Bruk dette skjemaet dersom du vil sende ei melding til vergemålsavdelinga hos Statsforvaltaren.