Fylkesmannen fekk medhold i klage – jordvern

Settefylkesmannen i Sør-Trøndelag har oppheva og avslått ein dispensasjonssak frå Giske kommune, der Fylkesmannen si landbruksavdeling i Møre og Romsdal hadde klaga på kommunen sitt vedtak.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.06.2016

Fylkesmannen i Møre og Romsdal klaga på vedtak fatta av Giske kommune, der kommunen godkjente frådeling av ei bustadtomt i LNF-område. Vår vurdering var at tomta vart liggande på fulldyrka mark, og at ei fortetting av bustadar ville vere uheldig for landbruket i området. Samla sett vurderte vi det slik, at vilkåra for å gi dispensasjon ikkje var til stades.

Settefylkesmannen i Sør-Trøndelag konkluderte slik; - «Etter vurderingane ovanfor (les heile klagevurderinga i vedlagde dokument, høgre marg) så har Fylkesmannen kome til at omsøkte frådeling set omsynet bak reguleringa til LNF-føremål vesentleg til sides. Vidare har ein kome til at det ikkje er grunnlag for å seie at føremonene med ei frådeling klart er større enn ulempene. Vilkåra for dispensasjon i pbl. § 19-2 er altså ikkje oppfylte, og byggsaksmyndigheita er dermed rettsleg forplikta til å avslå søknaden.»