Fylkesmannen fekk medhald i to klager - landbruk

Settefylkesmannen i Sør-Trøndelag har oppheva og avslått to dispensasjonssaker, høvesvis frå Giske og Eide kommunar, der Fylkesmannen si landbruksavdeling hadde klaga på kommunane sine vedtak. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.05.2016

Sakene gjeld frådeling til bustadformål i Giske, og frådeling til bustad/småbruk i Eide.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal klaga på vedtak fatta av Giske kommune, der kommunen godkjente frådeling av ei bustadtomt i LNF-område. Vår vurdering var at tomta vart liggande på fulldyrka mark, og at ei fortetting av bustadar ville vere uheldig for landbruket i området. Samla sett vurderte vi det slik, at vilkåra for å gi dispensasjon ikkje var til stades. Settefylksmannen i Sør-Trøndelag har konkludert slik; - «Fylkesmannen har kome til at eit grunnvilkår for å kunne dispensere, jf. plan- og bygninglova - pbl § 19-2, ikkje var oppfylt i saka. Det er fordi omsynet bak regulering av arealet til landbruk-, natur-, og friluftsføremål (LNF-område) ville blitt sett vesentleg til side ved ei frådeling av bustadtomt. Byggesaksmyndigheita har dermed ikkje heimel til å vedta dispensasjonen. Ein er rettsleg forplikta til å avslå søknaden.» Les heile vurderinga i høgre marg; Fylkesmannen i Sør-Trøndelag si avgjerd – Giske kommune.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal klaga på vedtak fatta av Eide kommune, der kommunen godkjente frådeling til bustad/småbruk. Vår vurdering var at oppretting av små landbrukseinigar ikkje er ein berekraftig styrking av landbruksinteressene på lang sikt, og at eit positivt vedtak ville kunne gi presedens for tilsvarande søknadar. Settefylkesmannen i Sør-Trøndelag oppsummerte med at bit-for-bit utbygging av landbruksareal er uheldig, og at bustadbygging bør skje i samsvar med overordna plan. På bakgrunn av dette kom klageinstansen til at frådeling til bustad/småbruk ville vesentleg tilsidesett omsyna bak LNF-føremålet, og dispensasjon kan difor ikkje gjevast. Les heile grunngjevinga i høgre marg under Fylkesmannen i Sør-Trøndelag si avgjerd – Eide kommune.