Fylkesmannen trekkjer motsegn

Fylkesmannen hadde motsegn til Ålesund kommuneplan sin arealdel, der kommunen ville omdisponere ei dyrka mark på 14 daa til idrettsbane. Nytt forslag frå kommunen gjer at Fylkesmannen trekkjer motsegna.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.06.2016

Fylkesmannen er nøgd med at Ålesund kommune har vurdert andre alternativ for lokalisering av idrettsbane på Vik. Vi har forståing for at det er utfordrande å finne eigna lokalitet til eit såpass arealkrevjande tiltak i eit allereie utbygd og regulert område, noko som syner viktigheita med god og langsiktig arealplanlegging. Det er uheldig med omdisponering av 8 daa god matjord i aktiv drift, og vi føresett at kommunen går i dialog med gardbrukar med tanke på kompenserande tiltak, som nydyrking på eit anna egna område der landbruk vert prioritert med føreseielege og langsiktige rammevilkår.

Konsekvensutgreiinga for kommuneplanen viser at planforslaget fører til tap av landbruksareal på til saman ca. 224 daa fulldyrka jord og 141 daa dyrkbar jord. Omdisponeringa av matproduserande areal skjer i hovudsak på Emblem, der det forsvinn ca. 184 daa fulldyrka jord og ca. 35 daa dyrkbar jord.

Ålesund kommune er ein by i vekst, og kan dokumentere eit reelt behov for utbyggingsareal. Likevel vil Fylkesmannen minne om nasjonal jordvernstrategi vedteken av Stortinget 8. desember 2015, der det er eit mål om at å omdisponere mindre enn 4000 daa matjord, og ønskjer at dette får sterkare fokus i framtidig arealforvaltning i Ålesund kommune.