Vi kartlegg Sognefjorden for å få meir kunnskap om fjordbotnen i den marine verneprosessen

marine arter med farger på en stein
Det er som ein skattejakt å rekne når havforskarane skal ut på tokt for å kartleggje marint naturmangfald. Vi håpar å samle mykje ny kunnskap om Sognefjorden den nærmaste tida. Skipet med havforskarane kjem på tokt til i ein fjordarm nær deg i løpet av hausten. Foto: Erling Svensen.

Som eit ledd i verneprosessen for Sognefjorden er Havforskingsinstituttet i disse dagar ute for å kartleggje fjordbotnen. Vi vil her skildre kva som skjer framover i den marine verneprosessen for verdas djupaste og vår lengste fjord. 

Publisert 02.11.2023

For å få eit tilstrekkeleg godt vurderingsgrunnlag i verneprosessen treng vi påfyll av ny kunnskap. Framover vil kunnskap bli produsert både ute i båt på fjorden og inne ved skrivebordet. Vi er inne i utgreiingsfasen av verneprosessen. Arbeidet med å lage ei konsekvensutgreiing er også ute på anbod. 

Utgreiingsprogrammet er ramma for verneprosessen

Utgreiingsprogrammet er ein plan for verneprosessen. Denne låg tilgjengeleg for innspel i lag med oppstartsmeldinga, og det kom mange innspel til både tema for utgreiing, involvering og framdrift. Det er Miljødirektoratet som endeleg fastset utgreiingsprogrammet. Når vi får klarsignal frå direktoratet i løpet av kort tid har verneprosessen ei fastsett ramme å jobbe vidare innanfor. Slik blir prosessen føreseieleg for alle partar. Ved å følgje denne lenkja finn du vår oversending til direktoratet. 

Arbeidet med konsekvensutgreiing (KU) er ute på anbod

Vi har fått midlar slik at vi kan få produsert ei konsekvensutgreiing for det marine vernet av Sognefjorden. Sidan arbeidet er såpass omfattande ligg det ute som eit offentleg anbod på Doffin. Du kan lese anbodsdokumenta ved å følgje denne lenkja. Frist for levering av tilbod er den 10. november. Etter planen skal arbeidet med KU være i gang 1. desember i år og ferdig KU skal leverast innan 1. desember 2024. 

Tre personar på ein båt som jobbbar med ei undervassdrone
Havforskarane nyttar undervassdrone med gps-sporing, slik at det er lett å lokalisere og kartfeste viktige funn. Forskarane nyttar video for å kunne artsbestemme det som blir observert via skjerm om bord på båten. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Julie M. Andersen.

Kartlegging og modellering av fjordbotnen

Vi fekk midlar på slutten av 2022 til å kartleggje enkelte grunne område i Sognefjorden. Rapporten frå Rådgivende biologer kan du lese ved å følgje denne lenkja. Kartlegginga gav oss ny kunnskap om naturtypar på grunne område langs fjorden som sjøfjærbotn og ålegraseng. 

Hausten 2023 er Havforskningsinstituttet (HI) ute med båt og undervassdrone. Forskarane skal kartleggje Sognefjorden for viktig biologisk mangfald. Dei skal også lage ein modell, basert på kartleggingsdata, for å kunne forutseie kor det kan vere viktig naturmangfald. Sidan det ikkje er mogeleg, innanfor ressursane vi har til rådvelde, å kartleggje kvar meter av fjorden, er det nyttig å kunne modellere kor artar har sine leveområde. Havforskningsinstituttet skal også kartleggje mykje nytta ankringsområde i fjorden.

ei hand som held ei kråkebolle
Kråkeboller er god mat for mellom andre steinbit, men om det er for få predatorer som steinbit, stor torsk og hyse, kan det fort bli for mange kråkeboller. Då blir tang og tare fort oppspist, og andre marine artar mistar oppvekstområdet sitt. Foto: Knut Fredrik Øi.

Kva skjer i verneprosessen framover?

Når utgreiingsprogrammet er fastsett vil vi setje i gang med møte i referansegruppene. Vi har føreslege tre ulike referansegrupper med representantar frå t.d. kommunar, næringsaktørar, organisasjonar, akademia, med fleire. For å lese meir om referansegruppene og korleis vi vil jobbe med involvering, sjå framlegget vårt til utgreiingsprogram ved å følgje denne lenkja

Det vil truleg ta eit drøyt år før KU er ferdig. Deretter vil Statsforvaltaren trenge nokre månaders arbeid for å kunne lage eit framlegg til vernekart og vernereglar. Vi håpar å leggje fram eit verneframlegg i løpet av vinteren/våren 2025. Då vil det bli god tid for alle å kunne seie si meining. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.