Oversending av utgreiingsprogram for Sognefjorden marine verneområde

Kano på ein fjord med sol som speglar seg i vatnet
Verneprosessen glir framover og planen for det vidare arbeidet er no oppdatert med innspela som kom oss i hende etter oppstarten. Det er Miljødirektoratet som endeleg fastset utgreiingsprogrammet etter oversending frå oss. Foto: Maria Knagenhjelm.

Etter startsskotet for arbeidet med marint vern i Sognefjorden fekk vi inn mange innspel på kva vi bør greie ut undervegs i prosessen. Vi sender med dette eit oppdatert utgreiingsprogram til Miljødirektoratet for vurdering før vi går vidare i vernearbeidet. 

Publisert 20.09.2023

Kva er eit utgreiingsprogram?

Då vi meldte oppstart av verneprosessen for Sognefjorden den 8. desember 2022 låg eit utkast til utgreiingsprogram ved oppstartsmeldinga. Dette utgreiingsprogrammet skisserte opp rammer for kva som skal greiast ut i konsekvensutgreiinga. I tillegg omtalar utgreiingsprogrammet korleis verneprosessen skal bli gjennomført og korleis vi skal legge til rette for involvering og dialog undervegs.

Kva innspel fekk vi i oppstartsfasen? 

Vi mottok kring 30 skriftlege innspel frå kommunar, fylkeskommunen, frå næringsaktørar, organisasjonar, akademia og enkeltpersonar. Mange meinte at marint vern i utgangspunktet ville vere positivt for Sognefjorden. Mange innspel var samstundes klare på kor avgjerande det blir med tydelege utgreiingar og klargjeringer kring viktige tema vidare i prosessen, slik at ein kan ta endeleg stilling til vern på eit seinare tidspunkt.

Vi fekk mange innspel på at det var viktig med god involvering undervegs. Spesielt understrekte fleire aktørar kor viktig det var å invitere til særmøte med ulike interessentar for best mogeleg dialog.

Fritidsbåt på fjorden med folk som tek bilete og ein spekkhoggarfinne som bryt vassoverflata
Spekkhoggar på besøk i Sognefjorden ein vinterdag. Ei fast familiegruppe har besøkt fjorden dei siste åra. Marine pattedyr er omtalt i faggrunnlaget då Nærøyfjord-området vart innskriven på verdsarvlista til UNESCO. Foto: Tore Larsen.

Les alle innspela vi fekk til oppstartsmeldinga i samledokumentet til høgre i denne saka. Les også merknadsheftet til utgreiingsprogrammet, der vi oppsummerer og svarar ut kvart enkelt innspel. Der kan ein sjå om, og eventuelt korleis, utgreiingsprogrammet er oppdatert på bakgrunn av det enkelte innspelet. Ved å følgje denne lenkja kan du sjå utkastet til utgreiingsprogram som var på høyring under oppstarten. 

Vegen vidare i verneprosessen

Basert på innspela til utgreiingsprogrammet er dette oppdatert så langt som mogeleg så langt i prosessen, og no oversendt til Miljødirektoratet. Alle som har gitt innspel til oppstartsmeldinga og andre relevante aktørar får kopi av oversendinga. 

Det er Miljødirektoratet som endeleg fastset utgreiingsprogrammet som grunnlag for den vidare verneplanprosessen. Når dette er gjort kan vi lyse arbeidet med konsekvensutgreiing (KU) ut på anbod. KU vil bli utarbeidd på grunnlag av utgreiingsprogrammet, og vil truleg ta eitt års tid. 

Samtidig som KU blir utarbeidd vil vi parallelt jobbe med å samle inn kunnskap om naturmangfaldet i Sognefjorden. Vi vil også invitere til dialog i referansegruppene.  

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.