Kartlegging av marint naturmangfald i utvalde grunne område i Sognefjorden

Oransje korall veks på bergvegg under vatn
Koralldyret daudmannshand, eller dødmannshånd, har fått namnet sitt frå den karakteristiske utsjånaden sin. Denne arten vart funnen på grunne område i Sognefjorden hausten 2022. Den trivst der det er mykje straum, som under Loftesnesbrui i Sogndal. Daudmannshand er eit koralldyr og treng lys for å leve. Den er ikkje vanleg på djupare område enn 50 meter under overflata. Den filtrerer sjøvatn gjennom polyppane sine for å få tak i plankton. Foto: Torgeir Kårbø.

Pipereinsar, ålegras og daudmannshand er nokre av artane som trivst i grunne område i indre delar av Sognefjorden. Med oppstarten av marin verneprosess som bakteppe har vi fått kartlagt marint naturmangfald på utvalde stader, og no er rapporten klar. 

Publisert 20.04.2023

Viktig å samle inn ny kunnskap i verneprosessar

Rett før jul melde vi oppstart av verneprosessen for marint vern av Sognefjorden, verdas djupaste og vår lengste fjord. Ei viktig oppgåve i ein slik prosess er å samle inn kunnskap om det marine naturmangfaldet. Rådgivende Biologer AS vann anbodet om kartlegginga, og biologane var ute i felt i oktober hausten 2022. Med båt og dropkamera vart dei fleste områda tilgjengelege for registrering. Enkelte område vart også synfart med fridykking. 

Resultata frå kartleggingane, med både artsobservasjonar og nye naturtypeavgrensingar, vil bli tilgjengeleg på naturbase og andre kartverktøy i løpet av våren 2023.

Ny kunnskap har komme til overflata

Det var lite kunnskap om grunne område tilgjengeleg i offisielle databaser frå tidlegare, og etter innspel frå mellom anna det marinbiologiske miljøet i Sogndal vart ei prioritert liste sett opp. Følgjande område vart til slutt kartlagde ut frå tid og ressursar tilgjengeleg: 

  • Amlabukti
  • Esefjorden
  • Terskel ved Fimreite – Norane
  • Området Hagelin til Loftesnesbrua og terskelen til Barsnesfjorden
  • Terskel mellom Bakka og ytre Nærøyfjord
  • Otternes- og Fretheimsgrunna ved Flåm
  • Årøy elvedelta

Nye naturtyper vart "oppdaga" og avgrensa i kart

Det vart observert fleire naturtypar under kartlegginga i Sognefjorden. Ein naturtype er definert som ein einsarta type natur som omfattar alle levande organismar og dei miljøfaktorane som verkar der, og liknar begrepet for økosystem. Les gjerne meir om kartleggingsmetodikken i rapporten.

gras som veks på kvit sand under vatn
Ålegrasenger vert danna på mjuk mudder- og sandbotn, og er oppvekststad for mange artar. Ålegras er ei blomsterplante, ei av dei få som lever i vatn. Den tek opp CO2 og lagrar karbon, demper bølgjer mot land og held sand og mudder på plass med røtene sine. Både i Esefjorden og i Amlabukti er det registrert ålegraseng. Foto: Erling Svensen.

Ålegras, havgras og sjøfjærbotn

I Esefjorden, i området der det allereie var ei ålegraseng vart det registrert tett til flekkvis tett eng. Ålegras er omtalt som både karbonlager, "datingplass", matfat og skjulestad for fleire marine artar. Les meir om denne naturtypen ved å følgje lenkja som ligg ved. 

I Amlabukti vart det registrert to undervannsenger. Ein lokalitet av ålegraseng vart observert ved elveutløpet i Nedre Amla, og ei havgraseng vart funne nordvest i bukta (frå Bjørkanausti til Dyrhagen). Havgras er ei viktig næringskjelde for ei rekkje sjøfuglartar, og er ein av få karplantar som veks under overflata i salt-/brakkvatn. 

I Nærøyfjorden vart det registrert eit område med sjøfjærbotn på 2,3 dekar på ca. 30 meters djupn i det midtre bassenget. Førekomsten var dominert av vanleg sjøfjær, men det vart også registrert stor piperenser og hanefot. Sjøfjær er ein art som også vart observert utanfor området i Nærøyfjorden, i tillegg til enkelte observasjonar ved Otternes- og Fretheimsgrunnen og i Esefjorden, men då med lågare tettheit.

Fjordbotn med korallar som stikk opp frå botn
Biletet er teke med dropkameraet til Rådgivende Biologer AS som filmar 28 meter under overflata i Nærøyfjorden. På biletet ser vi både vanleg sjøfjær (Pennatula phosphorea) og hanefot (Kophobelemnon stelliferum). Desse to artane er koralldyr som veks på blautbotn og kan danne tette bestandar. Alle sjøfjærartane vert rekna som sårbare for fysisk påverknad. Foto: Rådgivende Biologer AS.

Det vart i tillegg observert blautkorallen daudmannshand på hardbotn på ca. 10 meters djupn i fleire av områda. Det var særleg tett med daudmannshand under Loftesnesbrui. Elles vart korallen observert i Nærøyfjorden og ved Otternes- og Fretheimsgrunna.

Av raudlista arter vart det observert pigghå (VU = sårbar) utanfor Sogndal ved Loftesnes, og ved Fimreite. Den er ikkje uvanleg i Sognefjorden. Elles vart det observert vanleg fauna og flora i dei kartlagde områda. 

Tett med kråkebollar og lite tang og tare

På blautbotnsområde grunnare enn 10 meter vart det i nokre område observert svært tett med fjæremark, elles var det vanleg fauna som sjøstjerner, kråkebollar, krabbar og fisk. Det var lite tang og tare på hardbotnsområde grunnare enn 15 meters djupn, der ein elles ville forvente å finne slik vegetasjon. Her vart det i staden observert svært tett med kråkebollar, med dominans av arten langpiggsjøpiggsvin. Denne vart observert flekkvis tett i alle dei kartlagte områda, og i alle djupner.

tett i tett med sjøpiggsvin på fjordbotn
Sjøpiggsvin er marine dyr som inkluderer kråkebollar, og er ei gruppe marine dyr som lever i alle havområde frå store djupner til strandsona. Det vart registrert tette bestandar av arten langpiggsjøpiggsvin (også kalt langpigga kråkebolle) under kartlegginga av marint naturmangfald i Sognefjorden hausten 2022. Foto: Rådgivende Biologer AS.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.