Sognefjorden kandidatområde for marint vern

Sognefjorden er verdas djupaste fjord og har heilt unike geologiske kvalitetar. No har Statsforvaltaren fått i oppdrag å setje i gang ein verneprosess for å ta vare på fjorden.
Sognefjorden er verdas djupaste fjord og har heilt unike geologiske kvalitetar. No har Statsforvaltaren fått i oppdrag å setje i gang ein verneprosess for å ta vare på fjorden. Foto: Maria Knagenhjelm.

Sognefjorden er verdas djupaste og lengste isfrie fjord. No er arbeidet i gang med å verne dette unike marine området. Verneprosessen er eit ledd i arbeidet med å ta vare på eit representativt utval av norsk natur for kommande generasjonar.

Sognefjorden er ein kandidat som representerer eitt av dei mest særeigne og mangfaldige undersjøiske naturområda vi har i landet. Sognefjorden er eit eineståande geologisk fenomen som verdas djupaste fjord. Frå fjordbotn og opp er det stadvis over to kilometer med fjellsider som reiser seg og som skapar eit særprega fjordmiljø.

Dei pågåande verneprosessane i fylket inkluderer natur frå havbotn og opp i høgfjellet. Her er ein nakensnegl på vandring etter mat i tareskogen.
Dei pågåande verneprosessane i fylket inkluderer natur frå havbotn og opp i høgfjellet. Her er ein nakensnegl på vandring etter mat i tareskogen. Foto: Torgeir Kårbø.

Marin verneplan

Sognefjorden er eitt av 36 område i landet som vart føreslege til marint vern i ein rapport frå 2004. Eit rådgjevande utval utarbeidde rapporten som grunnlag for marin verneplan i Noreg.

Dei utvalde kandidatområda utgjer representativ undersjøisk natur frå kyst til skjærgard og er valt ut som resultat av ein lang prosess. Sognefjorden er kandidat til marint vern fordi den er representativ for fjordane i Noreg. Den er relativt lite påverka og vil også kunne tene som referanseområde for forsking og overvaking.

I fylket vårt er det til saman seks kandidatområde av dei 36 frå marin verneplan. Les meir på våre temasider om Lurefjorden og Lindåsosane, Korsfjorden, Ytre Hardanger, Stad og Dalsfjorden her. Sognefjorden er det siste kandidatområdet i fylket vi har fått i oppdrag å starte verneprosess på.

Ferjene på fjorden bidreg til å frakte både folk og gods. Eit marint vern legg ingen restriksjonar på ferdsel på fjorden.
Ferjene på fjorden bidreg til å frakte både folk og gods. Eit marint vern legg ingen restriksjonar på ferdsel på fjorden. Foto: Maria Knagenhjelm.

Verneføremålet

Føremålet med å verne Sognefjorden vil vere å verne den djupaste fjorden i verda. Fjorden har marin natur som også grenser mot verneområde på land. Høgdegradienten frå fjordbotn til fjelltopp kan vere meir enn 2500 meter.

Det blir skapt særeigne fysiske vilkår og biologisk mangfald som følgje av den store djupna. Av særlege verdiar kan nemnast døme på emergens, som vil seie at djupvass-artssamfunn førekjem uvanleg grunt, mellom anna i Nærøyfjorden/Aurlandsfjorden. 

God lokal medverknad

Miljødirektoratet legg vekt på at Statsforvaltaren inviterer til dialog med kommunane og andre interessentar for å oppnå god lokal medverknad og forankring. Vi sendte ut melding om oppstart av verneprosessen i desember 2022, sjå lenkje til oppstartsmeldinga til høgre i denne artikkelen.

Kandidatområdet Sognefjorden er så stort at det utløyser behov for konsekvensutgreiing (KU). Regelverket om KU skal sikre ein open prosess, slik at alle partar og interessentar blir høyrt.

Ved god involvering kan ein betre vurdere einskilde og dei samla konsekvensane som eit marint vern vil innebere for miljø, samfunn og næringsinteresser i området. 

Sognefjorden kandidatområde for marint vern vil i utgangspunktet starte 2 meter under sjøkartnull. Då vil ikkje privat eigedom bli påverka.
Sognefjorden kandidatområde for marint vern vil i utgangspunktet starte 2 meter under sjøkartnull. Då vil ikkje privat eigedom bli påverka. Foto: Toril Mulen.

Avgrensing av kandidatområdet

Den geografiske avgrensinga av kandidatområdet strekk seg frå dei inste delane av Lustrafjorden og Årdalsfjorden i indre Sogn og ut mot Sognesjøen, og utgreiingsarealet er så langt 999 km2. Kandidatområdet er vist som ei grov skisse på kart som ligg til høgre i denne artikkelen. 

Verneforslaget skal i utgangspunktet bli avgrensa mot land ved to meters djupne ved middels låg vasstand eller til marebakken, der den kan påvisast. I utgangspunktet, dersom det ikkje er spesielle verneverdiar som tilseier noko anna, skal privat grunn ikkje bli påverka av verneforslaget.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.