Nettverk for økonomiske rådgjevarar
Statsforvaltaren i Vestland tilbyr nettverkssamlingar for økonomiske rådgjevarar og gjeldsrådgjevarar tilsett i Nav-kontora i fylket.
Nettverket er ein fagleg møtestad og eit diskusjonsforum for Nav-tilsette som arbeider med økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving. Statsforvaltaren er vertskap.
Ei arbeidsgruppe set tema for samlingane og bidreg med faglege innspel. I arbeidsgruppa sit økonomiske rådgjevarar frå ulike Nav-kontor og to tilsette frå Statsforvaltaren i Vestland. Deltakarane i nettverket vert oppmoda til å komme med innspel på aktuelle tema, problemstillingar og case som dei ynskjer å diskutere i møta. Vi inviterer òg eksterne foredragshaldarar. Vi legg ut informasjon om tema og påmelding til samlingane etterkvart som det er klart.
Har du spørsmål om nettverket? Kontaktinformasjon finn du under «Kontaktpersonar» på denne sida.
Nettverkssamlingar i 2026
- 27. - 28. oktober: Samling i Bergen - nærare informasjon kjem etterkvart
Nettverkssamlingar i 2025
- 20. mai: samling i Bergen
- Samling i Bergen saman med Namsfogden - avlyst
- Digital samling om enkel økonomisk rådgjeving - avlyst
Vi legg ut informasjon om tema og påmelding så snart det er klart.
Nettverkssamlingar i 2024
- 7. februar: digital samling om tilsyn med økonomisk rådgjeving
- 22. oktober: samling i Bergen
- 13. november: digital samling om tilsyn med økonomisk rådgjeving
Nettverkssamlingar i 2023
Nettverkssamlingar i 2022
- 15. februar - digital samling
- 26. april - samling i Bergen
- 14. september - digital samling
- 13. desember - samling i Bergen
Nettverkssamlingar i 2021
Nettverkssamlingar i 2020
- Torsdag 13. februar kl. 09.00 - 15.00 på Statens hus, Kaigaten 9, Bergen
- Tysdag 12. mai kl. 09.00 - 15.00 på Statens hus, Kaigaten 9, Bergen - AVLYST
- Onsdag 2. september - digital samling
- Onsdag 25. november - digital samling