Nettverkssamling for økonomisk rådgjeving

Dato:
7. juni 2023 12:00 - 8. juni 2023 15:00
Stad:
Scandic Voss
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som har økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving som si hovudoppgåve
Påmeldingsfrist:
22. mai 2023 15:30

Det overordna tema blir "Menneskemøtet".

Publisert 12.04.2023, Oppdatert 06.06.2023

Blant anna så kjem Korus og snakkar om korleis vi kan bruke MI i arbeidet med økonomisk rådgjeving. Detaljert program blir publisert her så snart det er klart.

Vi startar med lunsj første dagen og det blir felles middag om kvelden. Vi avsluttar seinast klokka 15.00 dag to.

Alle som har noko reiseveg til Voss kan melde seg på med overnatting for å kunne delta fullt ut på samlinga. Det er gratis å delta, men vi dekker ikkje reiseutgiftene.

Påmeldinga er bindande. Eventuell avmelding ber vi om å få innan 22. mai klokka 15.30 med e-post til Elisabeth Lund-Iversen. Kontaktinformasjon finn du under fana "Kontaktpersonar". 

Vi har eit avgrensa tal plassar. Dersom det blir mange påmelde frå same Nav-kontor, må vi difor kanskje be kontoret om å redusere tal påmelde. Vi tar kontakt med dei dette gjeld dersom det blir aktuelt.

Ved å melde deg på, samtykkjer du til at vi deler informasjonen du har oppgitt med hotellet. Les meir om personvern under «Lenkjer».

Dato:
7. juni 2023 12:00 - 8. juni 2023 15:00
Stad:
Scandic Voss
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som har økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving som si hovudoppgåve
Påmeldingsfrist:
22. mai 2023 15:30