Nettverkssamling for økonomisk rådgjeving

Dato:
2. september 2020 09:00 - 13:45
Stad:
Nettmøte i Teams
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som har økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving som si hovudoppgåve

Tema for samlinga blir forhandlingsteknikk, gjennomgong av avgjerd frå Gulating lagmannsrett og erfaringsutveksling. Samlinga blir digital via platforma Teams. Du kan no melde deg på samlinga.

Publisert 19.06.2020

Første samlinga etter sommarferien vert digital via platforma Teams. Dei som er påmeldt får tilsendt møteinnkalling og praktisk informasjon på e-post registrert i påmeldinga med lenkje til møtet etter at påmeldingsfristen er gått ut.

Samlinga blir tematisk delt i tre. Program finn du under fana "Dokument".

Først får vi innlegg om forhandlingsteknikk av Karstein Kristung. Om du har innspel til konkrete tema eller spørsmål knytt til forhandlingsteknikk sender du dei til Inger-Helene Søgnen på e-post (sjå under kontaktpersonar). 

Namsfogden i Bergen vil gå gjennom ei avgjerd frå Gulating lagmannsrett frå januar 2020; LG-2019-124144. Avgjerda gjeld utleggstrekk i løn. 

Vi avsluttar samlinga med diskusjon og erfaringsutveksling rundt korleis pandemien påverkar jobben som økonomisk rådgjevar. 

Dato:
2. september 2020 09:00 - 13:45
Stad:
Nettmøte i Teams
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som har økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving som si hovudoppgåve