Nettverkssamling for økonomisk rådgjeving

Dato:
15. november 2023 08:45 - 15:30
Stad:
Clarion Hotel Bergen, Rosenkrantzgaten 8, Bergen
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland i samarbeid med Namsfogden i Bergen
Målgruppe:
Nav-tilsette som har økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving som si hovudoppgåve og tilsette hjå Namsmannen som arbeider med gjeldsordning
Påmeldingsfrist:
30. oktober 2023 15:00

Samlinga er for økonomiske rådgjevarar i Nav og tilsette hjå Namsmannen som arbeider med gjeldsordningssaker. 

Publisert 06.09.2023, Oppdatert 10.10.2023

Tema for samlinga er gjeldsordning, og det blir både faglege innlegg og gruppearbeid. Vi skal blant anna snakke om endringssaker og budsjett under gjeldsordning ved dynamiske betalingsavtalar. Adis Seferovic hjå Namsfogden i Bergen vil fortelje om masteroppgåva si frå 2022 om gjeldsproblem og kognitive utfordringar.

Vi får også eit innlegg av Stian Stensrud og Kristoffer Mellingen frå verjemålseksjonen hjå Statsforvaltaren i Vestland. Dei skal seie litt om kva ein kan gjere dersom ei verje ikkje gjer som venta under gjeldsordninga og kva eventuelt årsaka til det kan vere. Dei vil kome inn på korleis ein kan klage på ei verje, og dei vil fortelje litt om den nye fullmakta, korleis den kan bli endra og samtykket frå verjehavar.

Sjå programmet under "Dokument".

Praktisk informasjon og påmelding

Det er gratis å delta. Statsforvaltaren bestiller og dekker overnattingsutgifter frå 14. – 15. november for alle deltakarar som har lang reiseveg til Bergen; tre timar eller meir. Meld frå om du treng overnatting i påmeldingsskjemaet. Samlinga og overnatting går føre seg på Clarion Hotel Bergen.

Påmeldinga er bindande. Avmeldingsfristen er den same som påmeldingsfristen; 30. oktober. Dersom du ikkje har moglegheit til å delta sjølv om du har meldt deg på, og dermed heller ikkje har behov for overnatting, ber vi om at du gir beskjed til Elisabeth Lund-Iversen innan fristen. Kontaktinformasjon finn du under "Kontaktpersonar". 

Vi dekker ikkje reiseutgifter.

Dersom det blir fleire påmelde enn tal plassar, vil vi prioritere slik at flest mogeleg Nav-kontor og distriktskontor får delta.

Ved å melde deg på samtykker du til at vi kan dele namn, arbeidsstad og kontaktinformasjon med hotellet. Les meir om personvern under "Lenkjer".

Dato:
15. november 2023 08:45 - 15:30
Stad:
Clarion Hotel Bergen, Rosenkrantzgaten 8, Bergen
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland i samarbeid med Namsfogden i Bergen
Målgruppe:
Nav-tilsette som har økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving som si hovudoppgåve og tilsette hjå Namsmannen som arbeider med gjeldsordning
Påmeldingsfrist:
30. oktober 2023 15:00