Nettverkssamling om økonomisk rådgjeving

Dato:
7. februar 2024 12:00 - 14:00
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som arbeider med økonomisk rådgjeving, fagleiarar og Nav-leiarar
Påmeldingsfrist:
6. februar 2024 12:00

Årets første nettverkssamling er for økonomiske rådgjevarar, fagleiarar og Nav-leiarar. Temaet er det landsomfattande tilsynet om økonomisk rådgjeving for 2024 og 2025.

Publisert 02.01.2024, Oppdatert 02.02.2024

Helsetilsynet har bestemt at Statsforvaltataren i Vestland skal gjennomføre tilsyn ved seks Nav-kontor i år og seks Nav-kontor neste år. Temaet er Nav-kontoras ansvar for å tilby tenesta økonomisk rådgjeving til personar i ein krevjande økonomisk situasjon.

Vi vil med utgangspunkt i rettleiaren frå Helsetilsynet, gå gjennom gjeldande krav og forventningar til tenesta økonomisk rådgjeving, og det blir høve til å stille spørsmål. Kommunane kan uavhengig av vårt tilsyn nytte rettleiaren i forbetringsarbeidet sitt, så vi tenker at denne samlinga vil vere nyttig både for dei kommunane som får tilsynsbesøk og dei som ikkje er plukka ut.

Praktisk informasjon og påmelding

Påmelding til samlinga skjer via skjemaet under. Stadfesting på påmelding sender vi til den e-postadressa du har ført i skjemaet. Påmeldingsfristen er 6. februar klokka 12.00.

Ved å melde deg på, samtykkjer du til at namn og e-postadresse kan bli synleg i Teams-møtet og i Outlook-invitasjonen. Les meir om personvern under «Lenkjer».

Innan 7. februar klokka 10.00 sender vi møteinnkalling med oppkoplingslenkje til Teams-møtet til den e-postadressa du har lagt inn ved påmelding.

Har du spørsmål om samlinga, kan du ta kontakt med Malin Roseanne Espejo eller Elisabeth Lund-Iversen

Dato:
7. februar 2024 12:00 - 14:00
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som arbeider med økonomisk rådgjeving, fagleiarar og Nav-leiarar
Påmeldingsfrist:
6. februar 2024 12:00