Nettverkssamling for økonomisk rådgjeving

Dato:
26. april 2022 09:00 - 15:30
Stad:
Scandic Ørnen, Bergen
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som har økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving som si hovudoppgåve
Påmeldingsfrist:
19. april 2022 23:59

Nettverkssamlingane er ein fagleg møtestad og eit diskusjonsforum for Nav-tilsette som har økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving som si hovudoppgåve. Tema på denne samlinga er korleis rådgjevarane kan ta i vare barneperspektivet i arbeidet.

Publisert 10.03.2022, Oppdatert 04.04.2022

Vi vil belyse tema for dagen frå ulike innfallsvinklar, og det vert innlegg både ved Arbeids- og velferdsdirektoratet, Statsforvaltaren i Vestland og økonomiske rådgjevarar.

Vi legg til rette for diskusjonar og erfaringsdeling gjennom heile dagen.

Programmet finn du under "Dokument" i høgremargen.  

Praktisk informasjon og påmelding

Samlinga er gratis. Statsforvaltaren bestiller og dekker overnattingsutgifter frå 25. – 26. april for deltakarar som har lang reiseveg; 3 timar eller meir. Meld frå om du treng overnatting i påmeldingsskjemaet. Samlinga og overnatting går føre seg på Hotel Scandic Ørnen i Bergen sentrum.

Påmeldinga er bindande. Avmeldingsfristen er den same som påmeldingsfristen. Dersom du ikkje har moglegheit til å delta sjølv om du har meldt deg på, og dermed heller ikkje har behov for overnatting, ber vi om at du gir beskjed til Elisabeth Lund-Iversen innan fristen. Kontaktinformasjon finn du under fana "Kontaktpersonar". 

Vi dekker ikkje reiseutgifter.

Dersom det blir fleire påmelde enn tal plassar vil vi prioritere slik at flest mogeleg Nav-kontor får delta.

Dato:
26. april 2022 09:00 - 15:30
Stad:
Scandic Ørnen, Bergen
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som har økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving som si hovudoppgåve
Påmeldingsfrist:
19. april 2022 23:59