Nettverk for økonomiske rådgjevarar
Statsforvaltaren i Vestland held fram med nettverkssamlingar for økonomiske rådgjevarar og gjeldsrådgjevarar tilsett i Nav-kontora i fylket.
Nettverket er ein fagleg møtestad og eit diskusjonsforum for Nav-tilsette som arbeider med økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving. Statsforvaltaren er vertskap.
Ei arbeidsgruppe set tema for samlingane og bidreg med faglege innspel. I arbeidsgruppa sit fire økonomiske rådgjevarar frå Nav-kontor og to tilsette frå Statsforvaltaren i Vestland. Deltakarane i nettverket vert oppmoda til å komme med innspel på aktuelle tema, problemstillingar og case som dei ynskjer å diskutere i møta. Vi inviterer òg eksterne foredragshaldarar. Vi legg ut informasjon om tema og påmelding til samlingane etterkvart som det er klart.
Har du spørsmål om nettverket? Kontaktinformasjon finn du under «Kontaktpersonar» på denne sida.
Nettverkssamlingar i 2025
- 20. mai: samling i Bergen
 - Samling i Bergen saman med Namsfogden - avlyst
 - Digital samling om enkel økonomisk rådgjeving - avlyst
 
Vi legg ut informasjon om tema og påmelding så snart det er klart.
Nettverkssamlingar i 2024
- 7. februar: digital samling om tilsyn med økonomisk rådgjeving
 - 22. oktober: samling i Bergen
 - 13. november: digital samling om tilsyn med økonomisk rådgjeving
 
Nettverkssamlingar i 2023
Nettverkssamlingar i 2022
- 15. februar - digital samling
 - 26. april - samling i Bergen
 - 14. september - digital samling
 - 13. desember - samling i Bergen
 
Nettverkssamlingar i 2021
Nettverkssamlingar i 2020
- Torsdag 13. februar kl. 09.00 - 15.00 på Statens hus, Kaigaten 9, Bergen
 - Tysdag 12. mai kl. 09.00 - 15.00 på Statens hus, Kaigaten 9, Bergen - AVLYST
 - Onsdag 2. september - digital samling
 - Onsdag 25. november - digital samling
 
Kontaktpersonar
Medlemmar i arbeidsgruppa
- Geir Arne Kvam, Nav Luster
 - Mari Lindborg Flatebø, Nav Bergenhus
 - Jostein Saghaug, Nav Kvinnherad
 - Monica Secci, Nav Bergen vest
 - Elisabeth Lund-Iversen, Statsforvaltaren i Vestland
 - Malin Roseanne Espejo, Statsforvaltaren i Vestland