"Leve hele livet – med begeistring!»

Deltakarar på konferansen

1.-2. desember gjekk årets Leve heile livet- konferanse i Vestfold og Telemark av stabelen ved Quality hotell i Langesund.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 04.01.2022

Til tross for ein krevjande korona-situasjon samla konferansen ca. 80 deltakarar frå kommunane, eldreråd og frivillige organisasjonar og lag og foreiningar. 

Fokusområda i «Leve heile livet» er eit aldersvennleg Noreg, aktivitet og fellesskap, mat og måltid, helsehjelp og samanheng i tenestene. Alle tema blei via oppmerksemd under samlinga.

På kvelden 1. desember var hovudtemaet «Aldersvennlege lokalsamfunn». Her blei det vist fram gode eksempel på korleis ein har jobba med å skape gode ute- og nærmiljø for seniorar og demente. 

Dagsamlinga 2. desember blei innleidd av Statsforvaltar Per Arne Olsen. Han vigde særleg oppmerksemd til behovet for at kommunane utviklar og forankrar politisk planar i kommunestyra for å møte dei komande demografiske utfordringane. Statsforvaltaren la vekt på at Leve heile livet-reforma krev ei brei tilnærming i kommunane. Cathrine Hefte ved Helsedirektoratet la deretter fram status for reforma, både på landsbasis og i vårt eige fylke.

Seniorforskar Bjørn Heine Strand frå Folkehelseinstituttet stilte spørsmålet om dagens eldre er friskare enn før, og kva det betyr for hjelpebehovet framover. Deltakarane fekk presentert mange gode eksempel frå kommunane innan tema helsehjelp, ernæring, frivillig arbeid, og musikkterapi. I tillegg presenterte Sandefjord kommune korleis dei hadde jobba med Leve heile livet-reforma.

Konferansen blei avslutta med eit fyrverkeri av kåseri av prest og forfattar Per Arne Nordengen. Han oppfordra oss til å Leve heile livet - med begeistring (ikkje sutring)! 

Samlinga fekk gode tilbakemeldingar. Kommunane gav også innspel til kva dei ønskjer av stønad og bidrag frå det regionale støtteapparatet i det vidare arbeidt.

Det var det regionale støtteapparatet i Vestfold og Telemark som stod som arrangør. Støtteapparatet består av KS i Vestfold og Telemark, Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester (USHT) i Vestfold og Telemark og Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark:

  • Merethe Taang, KS i Vestfold og Telemark
  • Roger Jensen, Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark
  • Ellinor Bakke Aasen, USHT Vestfold
  • Therese Midtgaard Jensen, USHT Vestfold
  • Tonny Kværne, USHT Telemark
  • Per Gunnar Disch, Senter for omsorgsforsking, USN
  • Agnes Haugan, Vestfold og Telemark fylkeskommune
  • Lisbeth Haugan, Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark
  • Lene Hennum, Vestfold og Telemark fylkeskommune
  • Inger Elisabeth Borge, Vestfold og Telemark fylkeskommune
  • Finn Egil Aure, Vestfold Telemark eldreråd
  • Elisabeth Holte, Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark

 

Koordinator for Leve heile livet er Elisabeth Holte ved Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.