Framgang i Hålandsvatnet – satsinga gir resultat
Prosjektet "Betre vasskvalitet i Hålandsvatnet" er no offisielt avslutta etter tre år med målretta arbeid. Vasskvaliteten har gått fra "svært dårleg" til "dårleg". Dette lover godt for vidare arbeid.
Bakgrunn for prosjektet
Hålandsvatnet har over tid hatt utfordringar knytt til vasskvalitet, mellom anna som følgje av næringsstofftilførsler frå landbruk og andre kjelder i nedbørfeltet. Dette har også ført til regelmessige algeoppblomstringar og giftig vatn, med tilhøyrande badeforbod.
Prosjektet vart etablert for å få betre kunnskap om tilstanden, kartleggje faktorar som påverkar tilstanden, og peike ut og gjennomføre konkrete tiltak for å betre vassmiljøet, i tråd med vassforskrifta sine mål.
Viktige resultat
Gjennom prosjektperioden er det gjennomført kartleggingar og analysar som har gitt eit betre fagleg grunnlag for vidare arbeid. Sluttrapporten oppsummerer kunnskapsgrunnlaget og gjennomførte aktivitetar i prosjektet, medan tiltaksplanen peikar på konkrete tiltak som kan bidra til ytterlegare forbetring av vasskvaliteten i Hålandsvatnet.
Vidare oppfølging
Sjølv om prosjektet no er avslutta, vil arbeidet med å betre vasskvaliteten halde fram. Tiltaksplanen vil vere eit viktig verktøy for vidare innsats frå lokale og regionale aktørar.