Framgang i Hålandsvatnet – satsinga gir resultat

Bilde tatt ut mot hålandsvatnet fra noen steiner og siv langs kanten, med en hvit robåt på vannet og en svane som svømmer mot fotografen. I bakgrunnen ser man trær og åker. Himmelen er blå med noen skyer, og man ser det er solfylt.
Hålandsvatnet er eit viktig friluftsområde, men har hatt langvarige utfordringar med vasskvaliteten. Sjølv om prosjektet er avslutta, håper vi på badevasskvalitet gjennom sesongen for femte år på rad. Foto: Torhild Narvestad Anda.

Prosjektet "Betre vasskvalitet i Hålandsvatnet" er no offisielt avslutta etter tre år med målretta arbeid. Vasskvaliteten har gått fra "svært dårleg" til "dårleg". Dette lover godt for vidare arbeid.

Publisert 17.06.2026

Bakgrunn for prosjektet

Hålandsvatnet har over tid hatt utfordringar knytt til vasskvalitet, mellom anna som følgje av næringsstofftilførsler frå landbruk og andre kjelder i nedbørfeltet. Dette har også ført til regelmessige algeoppblomstringar og giftig vatn, med tilhøyrande badeforbod.

Prosjektet vart etablert for å få betre kunnskap om tilstanden, kartleggje faktorar som påverkar tilstanden, og peike ut og gjennomføre konkrete tiltak for å betre vassmiljøet, i tråd med vassforskrifta sine mål.

Viktige resultat

Gjennom prosjektperioden er det gjennomført kartleggingar og analysar som har gitt eit betre fagleg grunnlag for vidare arbeid. Sluttrapporten oppsummerer kunnskapsgrunnlaget og gjennomførte aktivitetar i prosjektet, medan tiltaksplanen peikar på konkrete tiltak som kan bidra til ytterlegare forbetring av vasskvaliteten i Hålandsvatnet. 

Vidare oppfølging

Sjølv om prosjektet no er avslutta, vil arbeidet med å betre vasskvaliteten halde fram. Tiltaksplanen vil vere eit viktig verktøy for vidare innsats frå lokale og regionale aktørar.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.