AVLYST Klimarisiko. Halvdagsseminar for administrasjon og folkevalde i kommunane.

Dato:
2. april 2020 11.00 - 15.00
Sted:
Skatteetaten, Lagårdsveien 46, 4010 Stavanger
Arrangør:
Klimanettverket Jæren og Fylkesmannen i Rogaland
Målgruppe:
Klimanettverka, rådmenn, kommuneplanleggjarar, næringssjefar, økonomiansvarlege og folkevalde i Rogalandskommunane, og andre frå kommunane med interesse for klimatiltak, klimatilpassing, og kommuneøkonomi.

Klimarisiko forsterkar eksisterande risikobilete for kommunen og kan til dømes påverke befolkningsutvikling, nærings-utvikling, skatteinntekter og verdi av infrastruktur. Samla sett kan klimarisiko få stor betydning for kommune-økonomien og kommunen som attraktivitet for næringsliv og innbyggjarar. Kommunalbanken ser at klimarisiko inneber finansiell risiko for kommunane og freistar å gjere noko med det.

Publisert 25.02.2020

Klimanettverket Jæren i samarbeid med Fylkesmannen i Rogaland og Rogaland fylkeskommune inviterer administrasjon og folkevalde i Rogalandskommunane og andre interesserte til halvdagsseminar om klimarisiko.

Klimarisiko er eit nytt og lite kjent tema i arbeidet med planstrategi og planprogram for rullering av kommuneplanar.Her får du fagleg påfyll for planarbeidet som skjer i alle kommunar akkurat nå.

Den 12. desember 2018 blei NOU 2018:17 Klimarisiko og norsk økonomi, lagt fram. Dette dokumentet gir ei brei og overordna vurdering av kor utsett Noreg og norsk økonomi er for klimaendringar. Kommunalbanken har vurdert det slik at klimarisiko inneber finansiell risiko for kommunale investeringar og utviklingsprosjekt, for lokalt næringsliv og for kommunane si langsiktige økonomiske berekraft. Banken tok difor eit initiativ til samarbeid med CICERO for å utarbeide ein rapport som skisserer prosedyrar for å evaluere klimarisiko i ein kommune. Me er så heldige at me har fått forfattarane av rapporten Alexander Berg frå CICERO og Lars Wang frå insam AS til å presentere rapporten.

Samlinga blir halden i auditoriet til Skatteetaten (Skatt Vest) i Lagårdsvegen 46 i Stavanger. Dette er bygget sør for Statens Hus. Me reknar med mange tilhøyrarar og det er plass til 150 personar. Samlinga kostar ikkje noko for deltakarane.

Oppstart blir kl. 11:00, men det blir kaffi og sånn frå kl. 10:40. Lunsj klokka 12:00

Førebels program:

  • Alexander Berg frå CICERO og Lars Wang frå insam AS presenterer rapporten: KLIMA, RISIKO OG BÆREKRAFTIG UTVIKLING I NORSKE KOMMUNER. Presentasjonen vil bli tilpassa til Rogaland, m.a. ved å gå inn i funn frå Lyse sin rapport Klimagassutslipp og mulige tiltak i Sør-Rogaland som blei presentert under Solamøtet i januar 2020.
  • Kommunalbanken: Kvifor set Kommunalbanken klimarisiko på dagsorden?
  • Korte innlegg frå kommunar, kommunale og interkommunale selskap og privat næringsliv i regionen som har møtt/prøvd å unngå klimarisiko.
  • Paneldebatt. Kommunar og næringsliv har lojalt følgt opp politiske mål om å redusere utslepp, spare energi eller satse på sirkulærøkonomi. Endra rammevilkår eller endra preferansar kan føra til store økonomisk tap. Korleis kan vi handtere risiko på ein betre måte?

Praktisk info

Skatteetaten og auditoriet  finn du her.

Kystbussen og Strandbussen stoggar i Byterminalen og lokaltoget stoggar i Paradis og i Byterminalen. Begge i 7-8 min. gangavstand frå møtestaden, medan Fiskepiren er 15 min. unna. Flybussen stoggar utanfor Statens Hus to gonger i timen.

Bysyklar kan parkerast framfor hovudinngangen.

Sanntidskartet viser på sekundet kva bussar som er kor i høve til Statens Hus og fylket elles.

Parkering i 1. eller 2. underetasje i Statens hus. Parkeringa stenger automatisk kl. 18:00. Skatteetaten og hotellet vis à vis har også parkering.

Dato:
2. april 2020 11.00 - 15.00
Sted:
Skatteetaten, Lagårdsveien 46, 4010 Stavanger
Arrangør:
Klimanettverket Jæren og Fylkesmannen i Rogaland
Målgruppe:
Klimanettverka, rådmenn, kommuneplanleggjarar, næringssjefar, økonomiansvarlege og folkevalde i Rogalandskommunane, og andre frå kommunane med interesse for klimatiltak, klimatilpassing, og kommuneøkonomi.