Vellukka skogsamling i Ørsta

Alle foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Statsforvaltaren arrangerte skogsamling for kommunalt tilsette i Ørsta den 16.-17.november. Andre aktørar som arbeider innan skogbruk i fylket vert og invitert.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 23.11.2022

Grunna korona blei samlinga utsett til i haust. Arrangementet gjekk over to dagar med utgangspunkt i Havila Hotel Ivar Aasen. Under skogsamlinga blir kommunane informert om nye føringar og budsjettmidlar frå Statsforvaltaren. I tillegg er det innlegg om aktuelle fagtema innan skogbruk. 

Skogkultur var tema første dag og blei gjennomført med synfaring i skogen for å sjå på ulike problemstillingar. Deltakarane var aktive i diskusjonen kring ulike tiltak som var aktuelle for ulike skogtypar. Været spelte på lag, og med god planlegging frå arbeidskomiteen vart det ein dag med godt fagleg påfyll for dei fleste. Dagen blei avslutta med «svartkjeltime» og gode samtalar i Vassvika attmed Hovdevatnet. Vinden auka på utover ettermiddagen, så bussturen ned til hotellet i Ørsta vart kjærkomen for fleire.

Dag 2 på Hotel Ivar Aasen var full fagdag med innlegg av Bernt Bjørnstad frå Skogkurs. Han fortalte om forynging av skog, og tilrådde meir bruk av markberedning. Vidare heldt Torleif Terum frå Landbruksdirektoratet eit innlegg om skogbruket sine lover, forskrifter og sertifiseringsreglar. Seinare vart det meir tradisjonelle innlegg frå aktivt skogbruk, skogselskapet og til slutt Statsforvaltaren. Det mest oppsiktsvekkjande var nok at ei endra plassering av skogfondsmidlane vil gje ei merksam auke i rentemidlar dei komande åra.

Statsforvaltaren takker for all god hjelp med planlegging og gjennomføring. Peder Magnussen, Håkon Eliassen og Jostein Dalen hadde lagt opp til ei fin skogløype første dag med relevante problemstillingar. Alle aktuelle kommunar møtte og viste stort engasjement. Det viser behovet for at fagpersonar møtast og slike skogsamlingar bør vidareførast.

 

Oversiktsbilde frå befaring, tema ungskogpleie.
Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
På befaring for å sjå på ulike skogstypar.

image1jxmc.png

imageisruf.png

image85sdo.png