Bioenergi og trebruk

Skogen er ein fornybar ressurs og når tre blir nytta som konstruksjonsmateriale i bygg eller som bioenergi har det positiv innverknad på klimaet. Statsforvaltaren skal bidra til auka produksjon og utbygging av bioenergi, auka bruk av tre og auka verdiskaping basert på ressursar frå skogen.

Bioenergi eir ein fornybar og Co2-nøytral energiberar som bidreg til å dekke Noregs energibehov, til sysselsetting og auka verdiskaping i distrikta. Statsforvaltaren skal bidra til å nå nasjonale mål om auka bruk av skogråstoff til bioenergi, blant anna gjennom samarbeid med Innovasjon Norge.

Auka trebruk gir langvarig binding av karbon samtidig som det kan erstatta andre meir klimabelastande materiale. Statsforvaltaren si rolle knytt til auka trebruk er mellom anna å styrke satsinga gjennom regionale strategiar, verkemiddelbruk og samhandling med kommunane, fylkeskommunen, Innovasjon Norge, næringsorganisasjonane og aktørar i verdikjeda. 

Vis meir


Publisert 14.09.2021

Utregning av karbonlagring i bygg

Her er verktøy for å beregne karbonlagring i kommunens bygningsmasse, og utslippsrammer for enkeltbygg.


Publisert 20.08.2021

Klimatiltak i landbruket - lokal næringsutvikling og samarbeid

Skogselskapet i Rogaland inviterer til klimaseminar «Klimatiltak i landbruket - lokal næringsutvikling og samarbeid».


Publisert 11.06.2021

Fagdager om bioenergi på gårdsbruk

Fra høsten 2021 starter en ny serie fagdager om fornybar energi i landbruket fra lokalt trevirke.


Publisert 25.05.2021

Trefjøs i Hå fekk byggeskikkpris

I Matningsdal i Hå er det nyleg bygd nytt trefjøs for sau og storfe med kortreist tømmer. Dette er ein sjeldan byggemetode på Jæren, og det er gledeleg at bygget er heidra med byggskikkpris i Hå for 2021. 


Publisert 22.03.2021

Industriell skogsatsing i Rogaland

AT skog går inn som eigar i Norsk Skogmelasse AS. Langsiktig innsats i å utvikle teknologi og prosess for utvinning av sukker frå skogsråstoff til bruk i kraftfor kan bli ein realitet på Tau i Rogaland. Dette skjer i samarbeid med Fiskå Mølle som er styrste eigar.


Publisert 18.02.2021

Bioenergisatsing i Rogaland – sirkulærøkonomi i praksis

Det er eit stort potensiale for å legge om til fornybar oppvarming i større varmesentralar og i driftsbygningar til kylling, smågris og veksthus. Difor blir det satsa vidare på gardsvarme i Rogaland.


Publisert 29.01.2021

Ein skog av bygg i tre i Rogaland

Bruk av tre som konstruksjonsmateriale har fått sin renessanse, også i Rogaland.


Publisert 02.12.2020

Bygg i tre for framtida

Å bygge i tre gir klimagevinst i form av binding av CO2 i bygget. Dette treng ikkje å gå på bekosting av verken byggeprosessen eller kvaliteten på resultatet. Noregs styrste næringsbygget med berekonstruksjon av tre står i Stavanger og nådde denne veka toppen i to kåringar gjort av byggebransjen sjølv.