Trefjøs i Hå fekk byggeskikkpris

Fleirbruksfjøs bygd i tre med lafteteknikk.
Fleirbruksfjøs bygd i tre med lafteteknikk. Foto: Anfinn Rosnes.

I Matningsdal i Hå er det nyleg bygd nytt trefjøs for sau og storfe med kortreist tømmer. Dette er ein sjeldan byggemetode på Jæren, og det er gledeleg at bygget er heidra med byggskikkpris i Hå for 2021. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.05.2021

Hå kommune offentleggjorde vinnaren den 21. mai 2021, der det m.a. er framheva at årets vinnar har utmerka seg ved å hente fram tradisjonelt byggemateriale og brukt dette på ein ny måte. Bygget har ei god arkitektonisk utforming og er godt tilpassa i landskapet. Johan Tjåland har sjølv teikna bygget, og Riska sagbruk har levert tremodulane.

Fungerande landbruksdirektør Anfinn Rosnes, som sit i juryen, framhevar også den positive klimaeffekten ved å bygge i tre. 

Fleire omsyn talar for bygg i tre

Fjøset til familien Tjåland er eit fleirbruksfjøs basert på laftesystem, og skal vere enkelt å vedlikehalde. Ved å bruke tre som byggemateriale, er det ikkje berre ekstra tilskotsatsar som kan freiste. Tre har god isoleringsgrad og termiske eigenskapar som passar godt med storfe og småfe sine behov. Det kan gi sparte kostnader til isolasjon. Under kalde periodar gir trebygg isolerande effekt, og på varme sommardagar kjølande effekt. Trematerialer vil også lagre og transportere bort fukt. Dette gjer at dei ikkje vil oppleve eit fuktig og rått innemiljø i form av at det «slår seg» på dei råare dagane som me har her vest haust- og vinterstid.

Heimekontor på fjøsloftet, med innsyn til lamminga.
Heimekontor på fjøsloftet, med innsyn til lamminga. Foto: Anfinn Rosnes.

Klimaomsyn står sentralt

Trebygg har også den gode eigenskapen at det fungerer som ein karbon-bank. Skogen bind karbon og når det blir hogs skog kan ny skog plantast for å fange opp enda meir karbon. Trevirket frå skogen som er hogd kan gå til byggematerialar. Det blir lagra 0,8 tonn CO₂ per kubikkmeter konstruksjonsvirke i bygget sin levetid. Når tre erstattar mindre klimavenlege materialar reduserast i tillegg utslepp av karbon med 0,8 tonn CO₂ per kubikkmeter. Samla gevinst ved bruk av tre er dermed heile 1,6 tonn CO₂ per kubikkmeter. 

Tremateriala kan resirkulerast og/eller demonterast og bli bygd opp igjen ein annan stad. Eller i det minste bli nytta som biobrensel. Då er me godt inne i den mykje omtala framtidige, sirkulære bioøkonomien som gir berekraftige fjøs med eit minimalt klimaavtrykk. Det er både landbruket og kloden godt tent med.

Motivasjon for andre bønder

Dette flotte bygget fortener merksemd både på grunn av bruk av tre, men også fordi det er eit godt døme på ein familie som satsar og investerer med fokus på aktivt bruk av beiteressursar. Vi håpar prisen lokkar folk til å ta ein tur til Matningsdal for å sjå på eit flott alternativ til dei tradisjonelle betongbygga, og det å tilpasse eit bygg i landskapet utan bruk av dyrka jord.

Saudelen av bygget, med bruk av tre også i innreiinga.
Saudelen av bygget, med bruk av tre også i innreiinga. Foto: Anfinn Rosnes.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.