Gardsvarmeprosjektet går vidare

Flis som brukes i anlegget. foto: Statsforvaltaren i Rogaland

Gardsvarmeprosjektet har hjelpt fram to nye tildelingar frå Innovasjon Norge for 2024 i Vindafjord. Gardsvarmeprosjektet har arrangert fagdagar og utarbeiding av forstudie for å vise fram fordelane med flisfyring.

Publisert 25.04.2024

Den eine tildelinga gjekk til Johannes Vestbø, som skal bygga eit nytt flisfyringsanlegg på heile 150kw. Dette anlegget skal brukast til produksjonen av mjølk og gris på garden. Anlegget skal tilføre rundt 279 000kWh med energi, som går til varme og produksjon. 

Den andre tildelinga er løyvd til eit flislager hos Jan Haslemo. Energien brukast til varme og i produksjon av geitemjølk og geitost. Han har allereie et flisfyringsanlegg som han er godt fornøgd med og hadde behov for et flislager for en meir flisproduksjon til anlegget.  

Flisfyring er ein god måte å unytte trevirke som ikkje er egna til virkesproduksjon. Flis er konkurransedyktig når ein samanliknar det med dagens prisar på gass, olje og straum. Flisfyring er bra for lommeboka og sparer kraftnettet for belastingar. Det er og har lave CO2-utslipp frå ein karbonnøytral kjelde. Mange bønder sitt på eigen skog som kan brukast. Flisfyring er eit godt energi alternativ, som fleire bønder burde vurdere i drifta si. Omstillinga til lavutsleppsamfunnet skjer på alle plan og Rogalandsbonden ligger ikkje på latsida. Bønder som Jan Haslemo og Johannes Vestbø er gode eksemplar på framtidsretta bønder i Rogaland.

Gardsvarmeprosjektet er drevet av Karl Ludvig Ådland og det er berre å ta kontakt viss du eller dykk er interessert i flisfyringsanlegg.

Sjå også Innovasjon Norge for meir info.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.