Kommuneøkonomi

Statsforvaltaren skal gi råd og rettleiing i økonomiforvaltninga, blant anna knytt til regelverk, inntektssystem og statsbudsjett.

Robek

ROBEK-registeret er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse eller som ikkje har vedteke økonomiplanen, årsbudsjettet eller årsrekneskapen innanfor dei fristane som gjeld. Kommunar og fylkeskommunar i ROBEK er underlagt statleg kontroll (delegert til Statsforvaltaren) med årsbudsjettet, låneopptak og langsiktige leigeavtalar. Kommunar og fylkeskommunar i ROBEK skal fastsette ein tiltaksplan som sikrar at økonomien kjem i balanse.

Kommunale garantiar

Kommunar kan gi lånegarantiar. Vedtaket skal godkjennast av Statsforvaltaren dersom beløpet som kommunen garanterer for, er over ein bestemt sum. Tal innbyggarar per 1. januar året før garantivedtaket avgjer beløpsgrensa for kommunen. Beløpsgrensene er slik: 

  • 800 000 kroner for kommunar som ikkje har meir enn 3000 innbyggarar
  • 2 000 000 kroner for kommunar som har over 3000, men ikkje meir enn 10 000 innbyggarar
  • 4 000 000 for kommuner som har over 10 000, men ikkje meir enn 30 000 innbyggarar
  • 7 000 000 for kommuner som har over 30 000, men ikkje meir enn 100 000 innbyggarar
  • 10 000 000 for kommuner som har over 100 000 innbyggarar

Kommunen kan bruke det digitale søknadsskjemaet til å søkje Statsforvaltaren om godkjenning av kommunal garanti. Bruk av skjemaet sikrar at vi får inn dei opplysningane vi treng for å behandle søknaden. Kommunen kan gjerne også bruke skjemaet som støtte og kontroll i framkant av at saka skal opp til politisk behandling i kommunen.

Skjønnsmidlar

Kommunane kan få skjønnsmidlar, som er ein del av dei statlege overføringane til kommunesektoren. Det er Statsforvaltaren som fordeler midlane til kommunen i det enkelte fylket. Tildelinga skjer etter departementets retningslinjer.

Interkommunale selskap

Dersom ein av eigarkommunane i selskapet er underlagt reglane i kommunelovas § 28-3, skal selskapets vedtak om opptak av lån, godkjennast av Statsforvaltaren.

Vis meir


Publisert 15.10.2018

Fylkesvis skjønnsramme 2018 - siste fordeling

Møre og Romsdal har for 2018 fått 79,7 millionar kroner i fylkesvis skjønnsramme til fordeling i budsjettåret. Vi har tidlegare fordelt 55,710 millionar kroner. Her følger fordelinga av dei resterande 23,990 millionar kronene.

Fordelinga på kommunenivå ligg vedlagt, med følgande forklaring:


Publisert 08.10.2018

Statsbudsjettet for 2019 og det økonomiske opplegget for kommunane

Regjeringa la i dag, 8. oktober 2018, fram statsbudsjettet for 2019 (Prop. 1 S 2018-2019).

Sjå vedlagte notat i høgre marg for ei oppsummering av dei viktigaste elementa i statsbudsjettet for 2019 med omsyn til kommuneøkonomi, det generelle økonomiske opplegget for kommunane og anslag på dei frie inntektene i 2019 for kommunane i Møre og Romsdal.

Den kommunevise fordelinga av skjønnsmidlar for 2019 ligg også vedlagt i margen til høgre. Vi gjer merksam på at det på grunn av omlegging av fordelinga av skjønnsmidlane ikkje vil bli søknadsrunde på prosjektskjønnet i 2019.


Publisert 06.07.2018

Utviklinga i kommuneøkonomien 2017

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har laga ein rapport som viser hovudtrekka i utviklinga i kommuneøkonomien i fylket. Rapporten inneheld eit utval av indikatorar som viser den økonomiske situasjonen og utviklinga for kommunane, både enkeltvis og samla.


Publisert 04.07.2018

Midsund kommune inn i Robek

Midsund kommune er meldt inn i Robek fordi underskotet frå 2016 ikkje vart dekt inn innan 31.12.2017.


Publisert 06.06.2018

Prosjektskjønn 2018 - tildeling

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har i 2018 fått in 57 søknader om prosjektmidlar på til saman 52,87 millionar kroner. I alt var det tildelt midlar for 8,75 millionar kroner fordelt på 16 ulike prosjekt.


Publisert 16.05.2018

Revidert nasjonalbudsjett 2018 og kommuneproposisjonen 2019

Fylkesmannen viser til Prop. 88 S (2017-2018) Kommuneproposisjonen 2019, lagt frem 15. mai 2018. Vi ønsker med dette å gi en kortfattet oversikt over de viktigste momentene i det økonomiske opplegget for kommunene for 2018 og 2019.


Publisert 18.04.2018

Ureviderte tall 2017 for kommunane i Møre og Romsdal

15 kommunar i Møre og Romsdal har eit lågare netto driftsresultat i % av brutto driftsinntekter enn Teknisk beregningsutvalg anbefaler.


Publisert 30.10.2017

Økonomisjefsamling i Angvika den 23. og 24. oktober 2017

Økonomisjefane i fylket var samla 23. og 24. oktober for fagleg påfyll og gjensidig læringsutbytte.

Presentasjonane ligg til høgre under relaterte dokument.


Publisert 16.10.2017

Fylkesvis skjønnsramme 2017 - siste fordeling

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har for 2017 fått 90,4 millionar kroner i fylkesvis skjønnsramme til fordeling i budsjettåret.

Vi fordelte 30,004 millionar kroner til statsbudsjettet 2017, og har seinare fordelt 4,904 millionar kroner til prosjektskjønn og 7,3 millionar til arbeidet med innovasjon og utvikling i nye kommunar. Her følger fordelinga av dei resterande 48,192 millionar kroner.

Fordelinga på kommunenivå ligg vedlagt, med følgande forklaring:


Publisert 13.10.2017

Statsbudsjettet 2018 – det økonomiske opplegget for kommunane

Regjeringa har lagt fram forslag til statsbudsjett for 2018. Nedanfor følger eit samandrag av hovudpunkta i det økonomiske opplegget for kommunane.