Sande kommune ut av ROBEK

Sande kommune er utmeldt frå ROBEK - register om betinga godkjenning og kontroll.
Sande kommune er utmeldt frå ROBEK - register om betinga godkjenning og kontroll. Foto: Sande kommune.

Sande kommune er utmeldt frå ROBEK - register om betinga godkjenning og kontroll. Vedtatt årsrekneskap for 2021 viser at kommunen har klart å dekke inn alt underskott frå tidlegare år.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.06.2022

Sande kommune vart meldt inn på ROBEK hausten 2016. Rekneskapen for 2021 viser eit godt resultat på 4,8 millionar kroner etter at tidlegare underskott er dekt inn. Det gode resultatet skuldast mellom anna meirinntekter på skatteinngang, positiv fondsavkastning og god finansieringsordning for koronarelaterte utgifter. 

Om ROBEK

ROBEK-registeret er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse eller som ikkje har vedtatt økonomiplan, årsbudsjett eller årsrekneskap innanfor dei fristane som gjeld.

Kommunar og fylkeskommunar i ROBEK skal lage ein tiltaksplan som sikrar at økonomien kjem i balanse.