Giske kommune ut av ROBEK

Giske kommune er utmeldt frå ROBEK.
Giske kommune er utmeldt frå ROBEK. Foto: Wikimedia.

Giske kommune er utmeldt frå ROBEK (Register om betinga godkjenning og kontroll). Vedtatt årsrekneskap for 2021 viser at kommunen har klart å dekke inn alt underskott frå tidlegare år.

Publisert 29.04.2022

Kommunen vart meldt inn på ROBEK hausten 2016. Rekneskapen for 2021 viste eit solid netto driftsresultat på 33 millionar kroner. God skatteinngang, finansavkastning og strukturelle driftstiltak bidreg til det gode resultatet. Heile det akkumulerte underskotet på 26 millionar kroner er no dekt inn.

Om ROBEK

ROBEK-registeret er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse eller som ikkje har vedtatt økonomiplan, årsbudsjett eller årsrekneskap innanfor dei fristane som gjeld.

Kommunar og fylkeskommunar i ROBEK skal lage ein tiltaksplan som sikrar at økonomien kjem i balanse.