Fylkesvis skjønnsramme for 2023 - Møre og Romsdal

Statsforvaltaren tildeler årleg skjønnsmidlar til kommunane i Møre og Romsdal. For 2023 skal 51,6 millionar fordelast.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.10.2022

Statsforvaltaren har på bakgrunn av retningslinjene for skjønnstildelinga  og innspel frå kommunane fordelt 36 034 000 kroner til statsbudsjettet for 2023. Midlane vert fordelt gjennom rammetilskotet i 10 terminar i 2023.

I tillegg har vi fordelt 7 274 860 kroner til fylkesløft/prosjektskjønn. Midlane vert utbetalt i ein sum gjennom rammetilskotet i termin 1. 

Den resterande ramma på 8 291 140 kroner vil bli fordelt i oktober 2023.

Det vil bli sendt ut brev til alle kommunane kor vi går litt meir i detalj om grunnlaget for tildelinga.

Sjå vedlagte brev om tildelinga for ordinære skjønnsmidlar og fylkesløft/prosjektskjønn.