Utviklinga i kommuneøkonomien 2021

Foto: Øivind Leren.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal gir årleg ut ein rapport som viser hovudtrekka i utviklinga av kommuneøkonomien i fylket.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.07.2022

Rapporten er aktuell for politikarar, leiarar og tilsette i kommunane, forvaltningsorgan på fylkes- og regionalt nivå og andre som har interesse for kommuneøkonomien.

Statistikk er i hovudsak henta frå Statistisk sentralbyrå (SSB) gjennom kommunens eigen rapportering av KOSTRA-tal (Kommune-Stat-Rapportering).

Den økonomiske situasjonen for kommunane på landsbasis var god i 2021 med gjennomsnittleg netto driftsresultat på 4,3 %. Tilsvarande nivået i Møre og Romsdal var på 1,8 %. Til trass for dette har 5 kommunar i Møre og Romsdal negativt netto driftsresultat i 2021 og 2 kommunar er på ROBEK.

På landsbasis hadde kommunesektoren eit disposisjonsfond på 13,7 % av driftsinntektene i 2021 og dette er det høgste nokon sinne. I Møre og Romsdal er tilsvarande tal 8,9 %.  

Kommunane i Møre og Romsdal hadde i 2021 det høgste gjeldsnivå nokon gong på 111,9 % av brutto driftsinntekter. Tilsvarande tall for landet utan Oslo er 93,0 %. Samanstilt med netto driftsresultat og disposisjonsfond, ser vi at det er rundt halvparten av kommunane i fylket som må ta grep for å sikre langsiktig god økonomiforvaltning.