Utviklinga i kommuneøkonomien 2022

Statsforvaltarens årlege rapport «Utviklinga i kommuneøkonomien» er no klar. Rapporten gir ei oversikt over den økonomiske tilstanden i kommunane i Møre og Romsdal.

Publisert 05.07.2023

Krevjande økonomi

I 2022 bidrog den generelle veksten i økonomien til at kommunane fekk ei uventa auke i skatteinngangen på slutten av året. Kommunane fekk kompenasjon for koronarelaterte utgifter og for utgifter knytt til mottak av flyktningar. Likevel ser vi at mange av kommunane i Møre og Romsdal har ein krevjande økonomi med svake driftsresultat og høg gjeld.

Robek

Veksten i utgiftene til pleie og omsorg gir særleg grunn til bekymring. I Møre og Romsdal er to kommunar på ROBEK.

Nye folkevalde

Rapporten er aktuell for både politikarar og tilsette i kommunane. Årets utgåve er skriven med tanke på nye kommunepolitikarar etter haustens val, og inneheld derfor noko ekstra grunnleggande informasjon som vi håper vil vere til nytte.