Skogbruk

Statsforvaltarens oppgåver innanfor skogbruk er knytte til den langsiktige forvaltninga av skog som ressurs for lønnsam næringsverksemd. I samarbeid med andre aktørar er Statsforvaltaren er også engasjert i arbeidet for større verdiskaping basert på trevirke som råstoff.

Statsforvaltaren skal vere ein pådrivar for auka bruk av trevirke som bygningsmateriale og til produksjon av bioenergi. Det er også eit viktig mål å medverke til at vi har ein infrastruktur som kan sikre ein effektiv og lønnsam hogst, samtidig som næringa tek omsyn til miljøet.

Statsforvaltaren gir rettleiing og assistanse til kommunane på område som vegplanlegging, bioenergi, skogskjøtsel og miljøspørsmål. Andre arbeidsområde er koordinering av skogbruksplanlegginga i fylket, forvaltning av skogavgiftsordninga, tilskotsforvaltning og kontrolloppgåver.

Vis meir


Publisert 10.09.2021

Godt besøkte skogdagar i fylket

I haust arrangerer Skogselskapet i Sogn og Fjordane i samarbeid med kommunane og Statsforvaltaren eit mangfald av skogdagar i heile fylket. Interessa blant skogeigarar er stor og arrangementa er godt besøkte. 


Publisert 23.06.2021

Vernskog – kunnskapsstatus i kommunane i Vestland

Mange kommunar har trong for å jobbe meir med vernskog som tema i planar, men har for lite kunnskap om vernskog.


Publisert 16.06.2021

Skogsdrift ved fare for skogbrann

Vi har nettopp opplevd nokre dagar med stor brannfare i skogen. Skogdrifta med store maskinakan utløyse brann, men risikoen kan minskast om entreprenørane tek forholdsreglar.


Publisert 31.05.2021

Ekstraordinært tilskot til skogplanting våren 2021

Om lag 700 000 skogplanter skal plantast i Vestland i vår. Koronasituasjonen har også i år ført til ein krevjande situasjon for skogbruket, og det er difor innført eit midlertidig tilskot for å sikre planting av skogplanter våren 2021. 


Publisert 27.04.2021

Skogdagar om planting og ungskogpleie

Skogselskapet i Sogn og Fjordane arrangerer i samarbeid med AT Skog og kommunane fleire skogdagar framover. Det neste arrangementet er allereie 27.04. i Askvoll. 


Publisert 08.04.2021

Mangel på arbeidskraft i skogen

I Vestland er det eit stort behov for arbeidskraft til å plante skog etter hogst. Plantene ligg på kjølelager og næringsaktørane treng hjelp til å setje dei i jorda.


Publisert 24.03.2021

Kontrollarbeid i skogen

Forynging av skog er viktig for å sikre berekraftig forvaltning av skogressursane, og er eit av dei viktigaste tiltaka skogeigar gjer. Manglande forynging gir tapt produksjon, kvalitet og inntekt.


Publisert 19.02.2021

Retningslinjer for SMIL, tilskot til tiltak i beiteområde og NMSK

Regelverka for spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL), tilskot til tiltak i beiteområde og nærings og miljøtiltak (NMSK) slår fast at kommunane skal lage overordna retningslinjer. For å samordne desse ordningane, har vi laga ei felles rettleiing til kommunane.


Publisert 25.01.2021

Vi startar verneprosess for Kudalen naturreservat i Stad

Etter dialog med grunneigarane melder vi formell oppstart av skogvernprosess for Kudalen naturreservat i Stad kommune. Du er velkommen til å sende innspel til oppstartsmeldinga innan 16. februar 2021. 


Publisert 17.12.2020

Vi startar verneprosess for Buggestrondi naturreservat i Luster

Etter dialog med grunneigarane melder vi formell oppstart av skogvernprosess på Buggestrondi i Luster kommune. Du er velkommen til å sende innspel til oppstartsmeldinga innan 25. januar 2021.