Skogbruksplan

Bilde inneheld hogstmaskin i arbeid og grantre i vinterdrakt.
Hogstmaskin i arbeid. Foto: Gro Kampp Hansen / Stasforvaltaren i Vestland.

Skogbrukslova sitt formål er å fremme ei berekraftig forvaltning av skogen. For å forvalte skogen på ein berekraftig måte må ein ta omsyn til både økonomiske, økologiske og samfunnsmessige verdiar. Målet for skogbruksplanlegging er å kartlegge desse verdiar og komme med anbefalingar til berekraftig forvaltning til skogeigarar gjennom ein skogbruksplan.

I ein skogbruksplan får ein oversikt over ressursar og verdiar i skogen. Det vert registrert areal, treslag, kor gammal skogen er, kor mykje kubikk det er av kvart treslag m.m. Alt saman viktig kunnskap for å kunne nytte ressursen best mogeleg. Skogen vil bli synfart av ein fagperson. Fagpersonen vil tilrå tiltak som kan eller bør utførast i skogen dei neste 10–15 åra. Hen vil og vurdere når det er økonomisk mest fornuftig å avverke skogen. Dette er viktig å vite når ein skal vurdere eit tilbod på hogst.

Ein skogeigar må vise omsyn til miljø og friluftsliv. Alle miljøverdiar og fleirbruksomsyn som skogeigar må ta vare på, vert registrerte og presenterte i skogbruksplanen. Dette inkluderer miljøregistreringar i Skog (MiS), som er nødvendige for å selje furutømmer eller ved bygging av veg.

Ein skogbruksplan er også eit viktig grunnlag for verdsetting i samband med sal eller overdraging av eigedom, og ved vurdering av skatt.

Skogbruksplanen inneheld ein rapport, fleire kart og tilgang til ei digital løysing (www.allma.no), som kan nyttast på PC og saman med GPS på nettbrett og mobil.

Statsforvalteren tar initiativ til å sette i gang skogbruksplan-prosjekt. Det vert oppretta et takstutval som består av lokale skogeigarar. Takstutvalet har ansvar for skogbruksplan-prosjektet. Dei vurderer i samarbeide med kommunen og statsforvalteren innhald i skogbruksplanen og lager avtale med takstselskap om takstoppdrag.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 10.11.2021

Til skogeigarar i Etne og Kvinnherad kommunar: No er det tid for skog!

Det er over 20 år sidan det sist vart taksert skog i Etne og Kvinnherad kommunar. No vil vi starte opp eit prosjekt med mål om å kunne tilby alle skogeigarar nye skogbruksplanar.


Kontaktpersonar