Skogbruksplan

I skogbruksplanlegging vert økonomiske, økologiske og samfunnsmessige verdiar kartlagt. Dette vert samla i ein skogbruksplan der skogeigar får tilrådingar om ei berekraftig forvaltning.

Skogbrukslova sitt formål er å fremme ei berekraftig forvaltning av skogen. Berekraftig forvaltning krev at vi kjenner til kva ressursar som står i skogen og kva omsyn vi må ta i skogdrifta. Ein skogbruksplan inneheld naudsynt informasjon for å kunne planlegge berekraftig skogsdrift.

Meir om skogbruksplan og kva den inneheld finn du i Bondeboka, bondeboka.no/skogbruksplan.

Statsforvalteran har ansvar for å utarbeide ein hovudplan for skogbruksplanlegging i fylket, koordinere skogbruksplanlegginga og forvalte tilskot til skogbruksplanlegging.

Hovudplan

Hovudplanen er grunnlag for prioritering og tildeling av tilskot. Hovudplanen inneheld ei grov skisse for skogbruksplanprosjekt dei kommande 10 åra, og ein detaljert handlingsplan for dei næraste 3-4 åra. Gjeldande hovudplan finn du her.

Områdetakstar

Statsforvaltaren tek initiativ til å sette i gang skogbruksplanprosjekt, som oftast organisert som ein områdetakst. Status for takst i dei enkelte kommunane finn du her.

Det vert oppretta eit takstutval som består av lokale skogeigarar. Takstutvalet har ansvar for skogbruksplanprosjektet og lager avtale med takstselskap om takstoppdrag. Kommunen og Statsforvaltaren bidreg med fagleg rådgjeving.

Les meir om skogbruksplanlegging på Bondeboka si side om områdetakst og på Landbruksdirektoratet sine sider.

I tillegg til kommunevise takstprosjekt ønskjer Statsforvaltaren å gi tilskot til felles driftsplanar i mindre, avgrensa skogområde. Driftsplanar inneheld vurdering av driftsmetodar, infrastruktur og framtidsskog. Dette gjeld område med spesielle utfordringar, til dømes skogområde med særs mange grunneigarar, naturfare eller mange fleirbruksomsyn. Det kan òg vere aktuelt i område med mykje hogstmoden skog og mangel på infrastruktur, eller i område der det er risiko for at enkelte skogeigarar høgg skogen sin, og med det gjer det vanskeleg å få etablert infrastruktur i bakomliggjande skog. Fellesplanen skal både ha ein verdi som supplement og som alternativ til ein vanleg skogbruksplan.

Tilskot

Statsforvaltaren forvaltar tilskot til skogbruksplanlegging etter Forskrift om tilskudd til skogbruksplanlegging med miljøregistreringer (tittel med link?).

Tilskot til skogbruksplanlegging er forskjellig frå prosjekt til prosjekt, men ligg vanlegvis på 50-70%. Det vert berre gjeve tilskot til skogbruksplanlegging dersom det òg vert utført miljøregistreringar i skog (MIS).

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Publisert 23.06.2023

Status for skogbruksplanlegging og miljøregistreringar i Vestland

Her kan du sjå status for områdetakst og miljøregistreringar i din kommune.


Bilde inneheld hogstmaskin i arbeid og grantre i vinterdrakt.
Hogstmaskin i arbeid. Foto: Gro Kampp Hansen/Statsforvaltaren i Vestland Foto: Gro Kampp Hansen / Stasforvaltaren i Vestland.

Har du spørsmål?