Skjerpa foryngingskrav i forskrift om berekraftig skogbruk

Foto: Dirk Kohlmann / Statsforvaltaren i Vestland.

Etter hogst må skogeigaren plante skog att. Men kva treslag gjev tilfredsstillande forynging, slik at skogeigaren får ein berekraftig produksjon også i framtida?

Publisert 02.10.2023 av Dirk Kohlmann

Berekraftig skogbruk er å sikre at neste generasjon skal få same moglegheit til å bruke tømmer frå skogen. Ein føresetnad er at skogeigar plantar eller legg til rette for naturleg forynging etter hogst. Kommunale tilskot og skogfond gjer dette til ein nesten gratis investering for skogeigaren. Likevel er nokre skogeigarar skeptiske til å plante gran når besteforeldra sine tette granskogar er hogd. “Gran er ikkje eit naturleg treslag her” eller “skogbotnen under grana er klinisk daud” er brukte argument. 

Den nye, endra forskrifta vil styrke den grunnleggjande tanken om riktig og stadstilpassa forynging. Forskrifta fastslår at barskog (vanlegvis gran på Vestlandet) med høg bonitet (veldig gode vekstforhold), må bli barskog (gran) att. Slik skal produksjonsnivået oppretthaldast, noko som også er eit miljø- og klimatiltak. Forskrifta er tydeleg på at ei forynging berre er å rekna som tilfredsstillande når vi finn minimum 150 barskogplantar på desse areala med høge bonitetar. Lauvplantar kjem i tillegg og kan ikkje reknast som del av kravet. Ønskjer skogeigaren å endre på dette, er det kommunen som må godkjenne endringa.  

Lauvskog kan vere lokalt riktig og verdifullt. Spesielt som blandingsskog i kombinasjon med gran eller furu har lauv både miljømessig, men gjerne også økonomisk stor interesse. T.d. kantskogar med lauvskogdominans eller grupper av lauv i granskogen kan være fornuftige tiltak. Treslagsval og lauvskoginnblanding bør drøftast med fagfolk, t.d. med skogansvarleg i kommunen. 

Kommunen får ei viktig rolle i foryngingsarbeidet. Dei fagansvarlege skal både kontrollere kvaliteten på forynginga, avgjere om den er tilfredsstillande og gjere skogeigar i stand til å setje i verk tiltak som sikrar arealet for skogproduksjon. I ytste konsekvens kan det vere å pålegge skogeigar planting med godkjende treslag. 

Forskrifta finn du på lovdata.no 

Landbruksdirektoratet vil snart kome med ein rettleiar for kommunane. Når den er lansert, vil vi invitere til eit Dialog SKOG-webinar med forskrifta som tema.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.